Daniel Ortega og ideala som vart knuste

Daniel Ortega og ideala som vart knuste

Nicaragua er i vinden på nytt. Landet er nok ein gong eit døme på revolusjonen som åt borna sine. Ein maktsjuk caudillo av klassisk latin-amerikansk type har vekst ut frå revolusjonshelten Daniel Ortega. Kvifor?

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

Nokre gonger går historia i ring – eller tek seg oppatt. Som tragedie, ikkje som farse.
Nicaragua denne sumaren er eit godt døme på den gamle innsikta at makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt.
Kan hende er det eitt og anna å lære her for framtida?

 

På mennesketrettsrapportering

Eg har sjølv ei historie av ein viss relevans her. I 1984 fekk CMI (Chr. Michelsens institutt) eit oppdrag frå NORAD. Lenge hadde det gått ein debatt om kva for rørsle FSLN-sandinistane var, dei som hadde styrta tyrannen Anastacio Somoza Debayle i ein folkeleg revolusjon 19. juli 1979. Diktaturet hans hadde vara over 40 år.
Og kva for samfunn tok dei revolusjonære sikte på å bygge? Var sandinistane genuine demokratar? Eller ulvar i fåreklede, altså folk som berre var fasade-demokratar, venstrepopulistar som bak eit verbalt liberalt-konstitusjonelle ytre tok sikte på å skipa eit venstrediktatur á la Cuba gjennom folkeleg mobilisering?
Alle såg at FSNL var ei blanding av marxisme, tredje- verda-ideologi, frigjeringsteologi og anti-amerikanisme. Men kva bestod dette blandingstilhøvet i? Og hadde dei unge revolusjonære sans for meiningsmangfaldet?

 

Norad som demokrati-agent

NORAD var budd på å stø organisasjonar og rørsler som kunne styrke det vaknande demokratiet i landet. Dei ville ha direkte observasjon, og den spansktalande Jan Egeland og eg vart sende ned.
Vi kom til eit land i djup konflikt. Oppgåva vår var å intervjue fok frå ulike parti for om mogleg å legge grunnen til stønad til organisasjonar som ville ha demokratiske val og fleirpartistyre basert på ei demokratisk grunnlov.

 

Stat og rørsle?

Alt på flyplassen slo ideologien i mot oss: digre propaganda-plakatar av av Sandino og José Marti. Nokså ubehageleg. Med eitt slo det oss at sandinistane hadde eit uklårt omgrep om staten som noko anna enn ein partihage. Vi så eit sandinistisk politi og ein sandinistisk hær. Samanblanding av stat og rørsle? Ubehageleg.
Noreg hadde alt sendt papir for å stø opposisjonsavisa «La Prensa», som var truga med stans, og Haag-domstolen hadde dømt USA for å minelegge hamnene i landet (ein dom som USA berre hadde forakt for, sjølvsagt).
Revolusjonen i Nicaragua var midt i eit internasjonalt spenningsfelt som seinare skulle ende med contras-mobiliseringa nord i landet med direkte pengebidrag frå Reagans USA.

 

Mål: Fremja menneskerettar

Eg var då leiar for Programmet for Menneskerettstudiar ved CMI og dermed skamlaust medlem av det Terje Tvedt kallar det ‘humanitært-menneskerettslege komplekset’.
Vi var alt i gang med noko så politisk ukorrekt som på oppdrag frå Departementet for utviklingshjelp gje ut årbøker der vi tok for oss menneskeretts-situasjonen i dei norske samarbeidslanda.
I ein viss forstand er det rett å kalle oss forskarar som dreiv politikk. Målet var klart og heit openbert: gjennom norsk bistand å fremja demokrati i det mellom-amerikanske landet.

 

Brennbart oppdrag frå departementet

Men det var ikkje lett. Då dei fyrste årbøkene kom ut i 1983/84, merka vi snøgt at den generasjonen av departementsfolk av Kerala-generasjonen – etter det fyrste norske bistandsprosjektet i den indiske provinsen Kerala på femtitalet – ikkje såg med blide augo på menneskerettsrapportering.
Under reaksjonen låg det ein pekefinger: kva for rett hadde vi i Vesten til å irettesetje u-land for brot på menneskerettane? Vesten med så mykje blod på henda etter kolonialisme, folkemord og utbytting?
Vi svara med å peike på Noregs relativt imperialismefri fortid og meinte ein slik tankegang ga frilisens til overgrep under dekke av å vere eit ‘progressivt’ regime. Vi skulle merke denne mentaliteten seinare i Nicaragua.
Dei politisk tilsette i departementet vart fyrst nekta å stille opp då vi skulle lansere den fyrste årboka. Det var tidsanda den gongen – det fortok seg fort.
Å operere med ulike standardar for respekt for sivilisasjons-standardar som menneskerettskonvensjonane er, synte seg umogleg å oppretthalde.
Vi for vår del meinte det var ingen grunn til å akseptere at noko regime – uansett farge – kunne gjere seg skuldig i brot på universelt vedtekne menneskerettar.

 

Den idealistiske byrjinga

Den norske Latin-Amerika-kjennaren Vegard Bye som var i Nicaragua i 1979, fangar godt inn den idealistiske starten den gongen. I Bistandsaktuelt nyleg («En far og sønns triste beretning om Nicaragua») skildrar han kombinasjonen av ungomsopprør med ideal av sosial rettferd, fridom, og politisk deltaking, dertil alfabetiseringskampanjar og kollektiv FSLN-leiing. Sandinistfronten var styrt av ni mann (ja, menn), med Daniel Ortega som president.
Revolusjonen lærte bøndene å skrive og lese, omfordela jorda og bygde opp eit helsestell som førte til drastisk reduksjon av born som døydde i spedbarnsalder. Sandinistane ga ein heil generasjon von om eit betre liv, skriv Bye. Og dei ni commandantes inspirerte tilsvarande rørsler i nabolanda El Salvador og Guatemala.
I dag er det lett å sjå at mykje av solidaritets-arbeidet var utslag av god gamal revolusjonsromantikk, kan hende med røter til Paris 1968. Forståeleg nok.
Men kva gjekk gale? Korleis kunne ein slik start ende opp som eit Mugabe-liknande, korrumpert, valdeleg og undertrykkande maktapparat under Daniel Ortega?
Ved utgange av mai i år var 90 drepne i protest mot reduserte pensjonar og politibrutalitet, i fylgje den nicaraguanske menneskeretts-organisasjonen ANPDH, mest ungdomar. Desse folkelege protestane er meir og meir retta mot Ortega og kona hans, den kristne mystikaren og de facto visepresident, Rosario Murillo.

 

Svak statsbygging

Fleire har peika på at noko av orsakene til denne forfallshistoria kan ligge i at sandinistane ikkje fekk til å bygge sterke statsinstitusjonar. Mykje av skulda må leggjast på den CIA-finansierte contras-krigen, som i meir enn ti år førte med deg store tap av liv og stendige åtak på ko-operativ og infrastruktur. Økonomien vart øydelagt og dei ytterleggåande kreftene i FSNL fekk overtaket.
Så vil nokon seie: Kvifor lefla sandinistane med sovjet-inspirerte land og kontaktar og dermed la seg i skotlina i den kalde krigen? Fåkunne? Overmot? Ein av dei ni commandantes, Sergio Ramirez, var DDR-ovundrar.

 

Menneskerettsbrot frå venstre

Valet i 1984 var godt på veg til å kunne kallast legitimt. Men det hadde mørke sider også. I vårt team hadde vi ein antropolog, Stener Ekern. Antropologar er gode til å legge øyra til bakken. Ekern peika på sandinistane trakasserte veljarar i gatene gjennom sine «turbas»-grupper, ein slags provokatørar, i sær nord i landet.
På Atlanterhavskysten, i Puerto Cabezas, oppdaga vi at sandinistane hadde gjort seg skuldig i grove overgrep mot dei lokale miskito-indianarane og rapporterte det. Så vart vi skulda av SV-arar heime for å undergrave sandinistane under dekke av å vere menneskeretts-rapportørar.
Underteksten syntes å vere at slik kritikk kunne svekke freistnadene på å bygge opp eit progressivt regime i Managua. Det skjedde ved å gje ammunisjon til høgrekreftene.

 

Orwell i Nicaragua

Nokre av oss fekk då ein historisk déja vu: var det ikkje slik venstresida møtte George Orwells klassiske skildring frå Barcelona i 1937 («Homage to Catalonia»?) I den boka ville han avsløre korleis kommunistane dreiv Stalins innanrikspolitikk under borgarkrigen. Metoden var å knuse anarkistane og trotskistane, Stalins motstandararar. Ein borgarkrig innanfor borgarkrigen.
Orwell hadde møtt same kritikk i London: Ikkje kritisér Sovjet, for det stør fascistane. Orwells svar var utvitydig mot ein slik «utforbakkegliding», som ville føre til at du overså overgrep frå venstre i den store kampens namn: Du kan ikkje vere anti-fascist utan å vere anti-totalitær.
Åtaket frå venstre ved heimkomsten vår var av same slaget. Det skal seiast at sandinistane seinare vedgjekk mistak andsynes miskito-indianarane.

 

Ortega kjem attende

I 1990 hadde folk fått nok av krigen og valte Violeta Chamorro til president. I 2006 kom Daniel Ortega attende som president. I 2018 kalla Ortega seg framleis sandinist, men nesten alle av dei gamle stridsbrørne hans hadde då forsvunne. Dei meiner han har falle revolusjonsideala i ryggen.
Vegard Bye summerer opp: I staden for folkeleg deltaking har regimet forfalle til å bli ein slektning av Somoza-dynastiet som Ortega kjempa mot på 1970-talet.
Valfusk, maktmisbruk, valdelege gjengar a la 1980-talet i gatene, pakter med dei mest reaksjonære delar av det nicaraguanske borgarskapet, partnarskap med kyrkja om den mest restriktive abortlovgivinga i verda. Ortega har overlete mykje av makta til Murillo. Mange seier at styret ikkje lenger er sandinista men oerteguista.
Meir og meir kjem konturane av eit einevelde fram.

Danmark går ut

I Weekend-avisen kan vi lese om den danske bistandsorganisasjonen DANIDAs utfasing av hjelpeprogramma til landet. Danskane er klåre på at ekteparet Ortega/Murillo sidan 2006 har delteke i valsvindel, deling av makt og skamlaus opportunisme. FSNL er redusert til eit privat maktapparat for dei. Illusjonen om at Ortea var noko anna en ein klassisk latin-amerikansk caudillo er no endt. Ortegas no vaksne stedotter har klaga Ortega for incest – det legg ein tragisk dimensjon om leiarens omdømme. Det heile framsyner ein politisk kultur godt skildra av Gabriel Garcia Marquez i Hundre års einsemd.
Tilfellet Nicaragua inngår no i den lange triste soga om maktbrynde og overgrep i dei gode målsettinganes namn. The party is over, som dei seier.