Dei kvardagslege gode

Dei kvardagslege gode

Nokre gonger gjev det ny innsikt å ta med vener frå utlandet til norske minnestader for krigen.

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

 

For nokre år sidan tok eg med Charles Lindblom, verdskjed økonom frå Yale, til Telavåg. Vi såg Nordsjømuseet saman; han høyrde dei melankolske dunk-dunk-lydene frå dei trufaste SABB-motorane i fiskeskøytene; han så bileta frå arrestasjonen av Telavåg-buarane på veg til Tyskland og norske leire; vi såg fotografi av ruinane av husa etter Terbovens aksjon.
Telavåg var det norske Lidice i Tsjekkia, eller det franske Oradour, små samfunn omgjorde til ein ruinhaug av SS-skvadronar som hemn for nasjonalt motstandsarbeid. Alt er så lågmælt i Nordsjømuseet. Svenskætta Charles Lindblom (f. 1918) vart stille.

Nazistar?

Det fyrste Lindblom spurte om, var om vi nordmenn tala om ‘tyskararar’ eller ‘nazistar’. Eg måtte vedgå at vi brukte uttrykket ‘tyskarar’; me skilde ikkje. ‘Nazistar’ er vel oftare brukt om NS- medlemar, meinte eg.

 

Inga kontroll

Så tok eg han med ut på ei klippe. Vi stod der og skoda ut over Nordsjøen, det uendelege havet. Då sa Lindblom: Kvifor var tyskarane så aggressive, så harde («fierce»)? «Because they had no control», var svaret.
Denne historia kom meg i hu etter at eg las Gunnar Myklebusts fine biografi over Linge-karen og historikaren Ragnar Ulstein frå i fjor. Ulstein er over 90 no, men klår som fjellvatn i hovudet.

 

Oppskaka av raida

Eg skreiv til Ulstein og fortalte om Lindbloms tese om samanhengen mellom undertrykking og vanten på kontroll over norskekysten. (Det galt også grensa til Sverige, kunne vi leggja til. Tenk korleis tsjekkarane hadde det utan slike fluktopningar! Her var Noreg priviligerte). Ulstein meinte det var mykje i det synspunktet.
Kjeldene fortel at Hitler vart oppskaka av dei tre raida som dei allierte gjennomførte i mars og 1. juledag 1941, to i Lofoten og det tredje i Måløy (der Martin Linge fell).

 

Noreg – Tysklands lagnadsområde

Ulstein seier at det var etter desse åtaka at Hitler uttala at Noreg ville bli Tysklands Schicksalsgebiet , lagnadsarena. Han sendte inn på 100 000 mann som forsterking og tok til med bygginga av dei tusentals kanonane som skulle bli den norske Atlanterhavsvollen. Både nordmennene og tyskarane trudde det ville kome ein invasjon frå vest, nordmennene truleg sterkast.
På Sørlandet mobiliserte Milorg midt i krigen i den tru at invasjonen var i gang. Det førte til store tap og skapte ein flyktningestraum via Oslo, midt i aksjonen mot jødane.

 

Fra Gestapos avhøyrsrom til tysk militærleiing

Den super-hemmelege motstands-organisasjonen XU trudde sterkt på alliert landgang i 1942. I denne situasjonen, seier Ulstein, var det ikkje merkeleg at tyskarane med si kunnskap frå avhøyrsroma til fangane fekk eigen uro stadfesta. Dette kan ha medverka til Gestapo og Abwehrs aktivitetar og deira framferd m.a. i Telavåg og i Trøndelag seinare på året 1942. Kjeldene seier at den tyske militærleiinga i Nord-Norge var langt ute i krigen på vakt mot alliert landgang.
Vi ser altså eit indre samband mellom kva motstandsrørsla tenkte og tyskarane sitt svar. Så langt Ulstein.

 

De kvardagsleg gode

Det som verkeleg sit att etter lesinga av Myklebusts bok, er kvardagsheltane i grensetrafikken, på både sider av landet. Ulstein har som historikar, basert på tallause intervju og samvetsfullt arkivarbeide, skrive om både grensetrafikken og nordsjøfarten. No som dei siste tidsvitnene snart er borte, er det grunn til nok ein gong å minna om denne sida ved okkupasjonshistoria og kva han kan fortelje om menneskeleg psykologi og moral under press.
Ulstein skriv om den jamne norske kvinne og mann som utan heroisme, utan fakter og med ein gong, hjelpte flyktningar under særs vanskelege tilhøve og stor personleg risiko – dødsstraff var gjerne straffa om dei vart tekne.
Dei såg ikkje på seg sjølv som moralske heltar, gjorde det som ei sjølvfølgje. Dei var dei kvardagslege gode.

 

Kva ville Jesus ha gjort?

Det er ein stor litteratur internasjonalt om dei som hjelpte folk under krigen. Kvifor gjorde dei det?
I den franske landsbyen Chambon som var under Vichy-kontroll, redda folka der meir enn 4000 jødar like under nasen på politiet. Landsbyen hadde opprørske tradisjonar. Han var hugenottisk (protestantisk) i eit katolsk område.
To hugenottiske prestar (ein av dei vart avretta) spurte folket om dei ville hjelpa jødane som kom fortvila til landsbyen. Ikkje ein sa nei. Dei vart haldne skjult i kjellararar og i holar og hjelpte over grensa.
I Chambon var grunngjevinga religiøs. Kva ville Jesus ha gjort – det var gjennomgangsmelodien når folk vart spurde.
Det fins mange døme på slik beinveges reaksjon i møtet med vondskapen. 700 jødar overlevde i Berlin til freden kom i 1945, hjelpte av anonyme folk, kvardagsheltar. I der store biletet var dei kanskje ikkje så mange, men dei fantest.

 

Er det ikkje slik vi sveitsarar er?

Eit nærståande døme er den sveitsiske grensevakten Grünberger. Etter kvart som det ut over trettitalet vart klart at alle grenser vart stengde for jødiske flyktningar, opna han grensa til Sveits for dei ulukkelege.
Det vil seia, han instruerte dei som kom korleis dei skulle svare ved grensa og slik gjorde det mogleg å koma inn. Han møtte dei ute i grenseområdet med slik hjelp – og vart til slutt arrestert. Då han vart spurt kvifor han handla slik, kom svaret enkelt: Er det ikkje slik vi sveitsarar er?
Grünberger så eiga liv som del av eit nasjonalt verdifelleskap kring medmenneskeleg omsyn, ein spontan humanisme som ikkje var religiøst grunngjeve.
Dottera hans freista i mange år å gje faren ei oppreising frå sveitsiske styresmakter og lukkast til slutt.

 

Dei kvardagslege tapre

Det er her Ragnar Ulsteins framstilling av grensetrafikken kjem inn. Han meinte at grensekryssing var ei flukt bort frå det jamne trykket av okkupasjon og tvang, ikkje frå akutte farar. Han ser at det var mange motivasjonar bak flukta. Han drøfter det ømtolelige spørsmålet om betaling til losaene og den ulukkelege Feldmann-saka, der to jødar på flukt vart drepne av losar fordi losane frykta dei ikkje ville klare strabasane. (Dei burde fått ein fellande dom, men mild, meiner Ulstein, fordi dei hadde teke liv).
Men det som står igjen er kor tapre losane var, utan å gjere noko vesen av det. Ulstein ville halda på det profesjonelle når han intervjua losane, men varmen skin gjennom tekstane hans.

 

15 mil til Sverige og Trondheimsfjorden i mellom

Ta berre eit døme: Etter unntakstilstanden i Trøndelag hausten 1942 kom ein flokk jødar til Johan Moan i Leksvika på Fosenhalvøya. Ei tid hadde han ti jødar i huset. Nokre var tankelause og dro attende til Trondheim og vart tekne av Gestapo (slik vart t.d. Julius Paltiel teken).
Til sist stod to att, ei nederlandsk kvinne, Irene Klein, og dotter hennar, fire år gamle Anne Rutt. Moan skjøna at dei måtte til Sverige, 15 mil unna og med Trondheimsfjorden mellom.
NS-lensmannen visste om dei og berre venta på arrestordren. Irene kunne ikkje gå på ski. Ein av dei siste dagane i november tok Johan, broren Jon og ein grannegut dei to med seg til ei seter. Det var i siste liten. Same kvelden banka lensmannen på.
Dei to neste vekene freista dei to å lære Irene å gå på ski. Ti dagar før jul våga dei ikkje å vente lenger. Dei fôra ein rykksekk med skinn, laga hol for barnebeina og sette fireåringen oppi. Johan tok sekken, medan kameraten Ludwig fekk oppdraget å dra Irene etter seg i tau. To andre kameratar vart med på ferda til avlasting. Frå Levanger var det åtte mil til grensa.

 

Soldatane som gret

Undervegs la kvinna seg ned og ville ikkje meir. Men dei pressa henne til å halda fram. Etter kvart måtte to mann gå med henne i tau heile tida, ein framom og ein bak for å bremsa i nedoverbakkane. Overnatting fant stad i seterbuer som ga lite svevn.
Ved grensa måtte to snu for å kome heim før dei vart etterlyste. Johan fortsette med barnet på måfå.
Ludvig vart att for på sørgje for at Irene ikkje sovna. Med eitt stod Johan framfor eit piggtrådgjerde. Han følgde gjerdet til han fann ein port. Der gjekk han inn og banka på næraste hus. -Er eg i Sverige, spurte han? Han var i Sverige.
Johan kom til ein militærleir med huset fullt av soldatar. Dei vakna snøgt då dei så den snøkvite mannen som heisa ei lita jente ut or sekken. Då gret dei alle.

 

Lukkeleg slutt

Dei svenske soldatane var raske med å kome seg ut i skogen for å finne barnemora. Denne historia fekk ein lukkeleg slutt. Mannen til Irene, Josef Klein, lukkast med å flykta frå ein fangeleir utanfor Oslo, takk vere folk i leiren. Mot alle odds vart dei samla att i Stockholm.
Dette er berre ei av mange historier som Ulstein fortel om. Ragnar UIstein etterlet seg eit livsverk om lagnader på kanten mellom liv og død som vil bli ståande.

 

Relaterte innlegg