Dei lagnadsfulle vekene i Hitlers skugge

Dei lagnadsfulle vekene i Hitlers skugge

Kvifor vil så mange filmskapararar jazza opp ei historie når røyndomen i seg sjølv er dramatisk nok? Ligg det ikkje eit element av undervurdering av sjåarane når historia vert framstilt så ufullstendig som i »The Darkest Hour»? Ja, har vi ikkje beint fram å gjera med historieforfalsking?

 

Av Bernt Hagtvet

 

Det går ei Churchill-bylgje over verda. Kan grunnen vere at så mange vanlege menneske lengtar etter politisk leiarskap ut over det trivielle? I ei verd av tomhjerna bøller (Trump), pornografiske erotomanar (Berlusconi), elskovssjuke presidentar på scooter om natta (Hollande) og folk som ikkje har lært seg vanleg folkeskikk (Giske) – kan det vere at i denne samtida vert Churchill grava fram som ei ljoskjegle av inspirasjon? Teikn på at politikk også kan dreie seg om moralske prinsipp, tunge prøvingar, om sveitte og samhald, og framført i eit språk som er noko meir enn trivia og platt sosialøkonomi?

 

DEN SKJØRE LAGNADEN

Desse tankane melder seg naturleg etter Joe Wrights film «The Darkest Hour» som no går si sigersgang over kino-lerretta. Kjerna i filmen er dei tre fyrste vekene etter at Winston Churchill (WSC) vart utnemnd som britisk statsminister 10.mai 1940 – ei overrasking for dei fleste. WSC sa sjølv om dei vekene som følgde at det dreidde seg «the hinge of fate» for Storbritannia, ei uhyggeleg, prekær krisetid. Lagnaden «hang på ei hengsle». Uttrykket kjem i Churchills eigen krigshistorie, i bandet om året 1942, men kan like godt gjelde for våren 1940.
Seinare i livet vart WSC spurt om kva for år han gjerne ville oppleve opp att. «1940» var svaret. «Every time». Ikkje til å undrast. For ei historie! Her treng me sanneleg ikkje filmregissørar for å skapa dramatikk!

 

FRED VIA MUSSOLINI?

I ettertid veit vi at Storbritannia desse dagane i mai var svært nær å innleie fredsforhandlingar med Hitler. Storbritannia stod åleine. Nederland, Belgia og Frankrike vart invaderte, Noreg og Danmark alt hærtatte.
Det var utanriksministeren, Lord Halifax’ tanke at det var ikkje noko alternativ enn å søke om fred. (Ei god side ved filmen er at «appeasarane» ikkje vert framstilt som moralsk undermåls. Dei som søkte kompromiss med Hitler var merkt for livet av massenedslaktinga under fyrste verdskrigen. Neville Chamberlain t.d. miste nevøen, Norman, i desember i 1917 og lova at han skulle vie livet sitt til å unngå gjentakingar).
Hadde Halifax fått viljen sin, ville europeisk historie ha teke ein dramatisk annan veg. Filmen «The Darkest Hour» tek sikte på å ljossette denne tida. Lukkast filmen?

 

DRAMATURGI OG HISTORISK SANNING

Som så mange gonger før, må vi ta opp spørsmålet om dikterisk, dvs. filmatisk fridom. Ein film som ikkje utgjev seg for å presentere den fulle historiske sanninga – har vi rett til å koma med korreksjonar. Kjem me då for nær å vere dei reine petimetarar?
Denne problemstillinga er gamal. Då NRK skulle skildre Kong Haakons veg til Noreg frå København i 1905, la dei inn ei elskovshistorie ved hoffet i Danmark. Heilt usant. Og unødvendig. Då NRK vart konfrontert med denne historieforfalskinga, kom svaret omtrent slik: -Ja, ja så kjem det vel snart ein annan historikar som meiner noko anna.
Ikkje berre er dette vulgært og kunnskapslaust; kommentaren reiser det viktige spørsmål om ekte historiske personlegdomar er heilt forsvarslause framfor sensasjonsjagande regissørar.

 

KON-TIKI SOM FANTASIPRODUKT

Eit anna døme: Då filmen om Kon-Tiki skulle lagast, la filmskaparane inn ein ny karakter. Dvs. dei framstilte den svenske ekspedisjonsdeltakaren, etter alle solemerke å døma ein grei kar, som ein kranglevoren intrigant. Familien vart rasande, som rett er. Og fekk det vanlege svaret: Vi må dramatisere for å få opp farten i framstillinga. Regissøren kravde filmatisk fridom.
Kvifor trur regissørar at me som sit der i kinomørkret er så enkle at vi alltid skal piskas fram av dramatikk? Finst det ikkje ein etikk her?

 

BRUKEN AV CHURCHILL I DAG

Korleis skal me så vurdera «The Darkest Hour» i dette perspektivet? For det fyrste, skodelspelarprestasjonane er ypperlege, frå Gary Oldhams whisky-drikkande, buldrande og sigarrøykande Churchill til heile scena av dramatis personae: kona Clementine, Chamberlain, Attlee og Halifax. Og Churchills sekretær. At filmen er vel verdt å sjå, er klårt.
Dinest, at filmen vert brukt for alt han er verdt i brexit-striden i dag, seier seg sjølv. Det finst gode argument for å seia at WSC ville vore «remain». Krigen dreide seg nemleg ikkje berre om Europa men også for Europa, meinte han. WSC var klar på at UK ikkje ville greie seg utan Europa. Krigen dreidde seg djupast sett om den europeiske sivilisasjonen, og etter krigen tok WSC kraftfullt til orde for europeisk samling (sjølv om han som rejerinssjef på 50-talet ikkje synte mykje interesse for å bli med i EEC).

 

FORTETTA HANDLING

Men er filmen sann? Her må vi framfor alt merke oss at filmen fell naturleg i to delar: vedtaksprosessen fram til utnemninga av WSC den 10. mai vs. dei fyrste vekene av WSCs statsministertid. Her legg filmen opp til ei fortetting. Desse sekvensane er ikkje tydelege skilte, og det gjer det vanskeleg å fylgje med kva som skjer.
Desse innvendingane er ikkje trivielle. Hundretusen av menneske får sine inntrykk av soga bestemt av denne filmen. Det er ikkje likegyldig kva som sit att hjå sjåarane.
Så difor: her er innvendingane mine.

 

NOREG UTE AV BILETET

Det merkelegaste ved filmen er at felttoget i Noreg blir borte. Noreg er nemnt berre ein gong. Filmen tek til med eit valdsamt åtak på Chamberlain av Labour-leiaren Clement Attlee i Underhuset. Noreg førte til at Chamberlain måtte gå, men det var WSC som var mest sårbar.
Her ligg det historiske problemet som filmen underkommuniserer heile tida: WSC vart statsminister trass i miseren i Noreg. Noreg kunne lett ha felt WSC. Som marineminister var Churchill hovudansvarleg for britanes ekspedisjon til Noreg. 10 000 mann kom til Åndalsnes. Dei var utan ski og dårleg førebudd. Dei vart valsa ned Wehrmacht. Det vart ei katastrofe.

 

KØ AV KANDIDATAR OG SKJØR UTNEMNING

Så kvifor vart det Churchill? Filmen gjer inntrykk av at Churchilll vart boren fram av stor semje i Underhuset. Men det var flust med kandidatar, og mange var skeptiske til WSC. Filmen underspelar kor skjør stønaden for Churchilll var.
Toryane gløymde ikkje tragedien i 1915 i Gallipoli, ein freistnad etter initiativ frå WSC på å gå til åtak på Europas «soft underbelly» for å korte ned krigen. Katastrofe. Og like ille: at han hadde skift side politisk fleire gonger i Underhuset. Ikkje til å stola på.
WSC hadde mange fiendar Labour også. Arbeidarpartiet kunne ikkje gløyma han som aggressiv innanriksminister som m.a. møtte sjølv opp i gatene under generalstreiken i 1926.
Men han hadde ein avgjerande føremon: WSC hadde fått rett i sine systematiske åtvaringar mot Hitler. Det ga han eit moralsk overtak i 1940. Det var ikkje før på seinsumaren 1940, under Blitzen (som tok til 14.august), at britane og politikarane kan seiast å stå fast bak WSC. Orwell t.d. slo fast at det måtte ein aristokrat til for å redda landet. Ikkje minst, som det vart sagt, fordi han «mobiliserte det engelske språket og sendte det i krigen».

 

ANGST OG SPLITTING

Gløymast skal heller ikkje at det er ei markert overdriving å seia at folket var samla. Vi har faktisk dei fyrste gallupp-undersøkingane frå 1940 (ikkje handsama vitskapleg enno).Dei syner mykje angst (m.a. for flyåtak, med god grunn; 40 000 vart drepne av Luftwaffe). Og tvil om ein ikkje burde søke fred med Nazi-Tyskland. Scena der WSC drar med Undergrunnen og der får massiv stønad til motstandslina, er usann (Clementine: «Winston tok aldri ein buss»).
Denne konstruerte scena misser eit viktig poeng: WSC trong ikkje folkeleg stønad for å halda fast på den lina han hadde stått for sidan 1933. Opinionen var viktig nok, men ikkje avgjerande for han. WSC stod fast uansett.

 

KVIFOR?

Likevel, det vart WSC. Vedtaket om han kom i eit møte i kabinettet den 9.mai. Vi har metervis med studiar og augevitneforklaringar om kva som hende. Den tolkinga som etter mitt syn står seg best, er at Halifax drog seg attende rett og slett fordi han ikkje såg seg sjølv som «the man of the hour», i.e. best kvalifisert. Eit kompliserande moment er at Halifax som lord ikkje kunne møte i Underhuset. Det kunne nok ha vorte ordna, men dette poenget ser vi hjå Halifax sjølv i desse dramatiske timane.

 

LABOURS ROLLE

Heilt underkommunisert i filmen er den rolla dei to Labour-representantane spela, Clement Attlee og Arthur Greenwood. Dei ville ikkje ha Halifax (Greenwood:» Lord Halifax is a God-fearing gentleman, but he is no bloody good for a war»). I eit teaterstykke om desse fem dygna eg såg i London for nokre år sidan, kom denne replikken frå Greenwood som eg trur er teke på kornet: «Me hatar kapitalismen, men me hatar fascismen enno meir».
Altså. Halifax skjøna grensene for talentet sitt. Det er perspektiv over det. Han vart sendt til Washington som ambassadør og gjorde ein framifrå jobb der.
Hitler var aldri nærare til å vinne andre verdskrigen enn i mai 1940. Det var som Stefan Zweig sa: historias evige augneblink.

 

Litteratur:

Nicholas Shakespeare, «Six Minutes in May. How Winston Churchill Unexpectedly Became Prime Minister» (London: Allen Lane, 2017, 506 s). Blodfersk detaljstudie om intrigane før WSC fekk statsministerposten.Noreg står sentralt.
John Lukacs’ klassikar frå 2001:“Five Days in London May 1940» (New Haven & London: Yale UP). Gjev god innsikt I dei prekære fyrste dagane etter åtaket på Frankrike.


Bernt Hagtvet er prof. i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.