Dei Trojanske hestane i EU

Dei Trojanske hestane i EU

Etno-nasjonalismen i Aust-Europa vert den nye utfordringa som set EU på djupaste prøve verre enn Brexit. Polen kan bli neste kandidat for ei utmelding. Og no er Vaclas Havels heimland også i drift.

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

 

Europa er i drift. EU er truga av fragmentering. USA er i fall og bidreg til oppløysinga av den liberale verdsordninga som landet var med på å skape etter andre verdskrigen.

Dette er verda nett no, og endringane skjer så fort  at ein knapt kan sjå konturane før dei er blitt fakta. Og attmed står Kina.

Donald Tusk, tidlegare polsk statsminister og EUs leiande mann nett no, kom nylig ut med ein spådom: Polen er neste kandidat for ein Brexit.

Sidan dei kom til makta i 2015 har det nasjonalkonservative Fred og rettferdspartiet, PiS, gjort sitt for å kontrollere media og politisere domstolane gjennom å få hand med utnemningane (vedteke i byrjinga av januar). Partiet har óg propagandert for absolutt forbod mot abort (med nokre unntak), rensa ut i sivilsamfunnet og systematisk sett inn sine folk i den offentlege forvaltninga.

 

Sviket mot rettstryggleiken

Den 12. januar  la presidenten for det øvste Justisrådet (domstolsadminstrasjonen) i Polen, Dariusz Zawistowski, ned embetet sitt i protest mot endringane i rettssystemet. Protesten var, sa Zawiastiowski, «eit hjarteskrik» mot undergravinga av rettstryggleiken og «sviket mot den polske grunnlova». Dei nye vallovene vil gje PiS kontroll med partifinansieringa. Landet har også nekta å vera med i programmet for byrdefordelinga av flyktningar i EU.

 

Moralsk rett til forbot

PiS’ Jaroslaw Kaczynski, den reelle leiaren i landet, seier Polen har «full moralsk rett til på seia nei» og skil ikkje mellom arbeidsmigrantar og flyktningar i naud.

Underlig, nokre av oss trudde at kristendom hadde med noko med barmhjertigheit  å gjera. Ikkje så med polsk autoritær katolisisme. Der er det polsk identitet som det etnisk reine landet som gjeld.

 

Systematisk undergraving av det liberale Europa

Mønsteret er klart: Polen har gjeve seg inn på ein fundamental konfrontasjon mot EUs grunnlovar. Med Kommisjonens ord: »demokrati, likeverd, rettstryggleik og respekt for menneskerettane».

Det finst motkrefter, m.a. mot abortlovgivinga, men PiS er på veg til ny siger ved neste val. For populistar er val viktig, så lenge dei vinn dei. Vunne val gjev legitimitet.

Slik seier Jaroslaw Kaczynski det:  Polen skal syna resten av «det sjuke Europa vegen attende til helsesame, fundamentale,  verdiar og ein sterkare sivilisasjon basert på kristendom.»

Kaczynski er ikkje anti-semitt, men det er som vi berre ventar på signalordet rundt neste sving: Dei plutokratiske  jødane…

 

Likskapen med Breivik

Denne tenkinga høyrer til same familien av høgre-fanatisme som Anders Behring Breivik står for. Likskapen er klår: rein nasjonal og etnisk identitet, kamp mot «dei andre», forakt for liberale elitar innan politikk, økonomi og kultur; fast styring; tendensar til konspirasjonstenking og autoritært ettparti-styre. Val som fasade. Og kristendom som samanbindande kitt i definisjonen av nasjonen.

 

EUs siste skanse

No som USA ikkje lenger set seg i spissen for forsvar av menneskerettar, er EU den siste skansa mot stormlaupet mot demokratiske grunnrettar i den delen av Europa som så mange vona ville lyfta seg inn i den europeiske fellesskapen etter tiår med kommunisme. Men vil EU bestå prøva i dette nye maktspelet?

Ikkje sikkert. For fyrste gong i si soge har EU starta ein formal prosess etter §7 i EUs grunnlov der Polen ( med 40 millionar innbyggjarar) vert truga med å bli fråteke stemmeretts-privilegiar i dei øvste organa i Unionen. For den neste sjuårs-perioden er landet stilt i utsikt å bli tildelt GBP 1 milliard kvart år (men det kan verta redusert etter Brexit). EU er under press for å kutta i desse pengane. Og bør gjera det.

Ungarn vil leggje ned veto mot slike sanksjonar mot Polen. Det  burde gje Unionen god grunn til å starte liknande tiltak mot Budapest.

Mesteparten av Noregs EØS-avgift går til Polen. UD bør syta for at desse pengane vert administrert herfrå og ikkje av PiS-folk.

 

Den «muslimske invasjonen» i Ungarn

Viktor Orbáns regime i Ungarn er ein gamal kjenning i dette landskapet. Den gamle Oxford-stipendiaten (med pengar frå Soros) var ein gong ein liberalar. Men han har no hjarteleg omfamna omgrepet «illiberalt demokrati». Han foraktar politikarar som Jean-Claude Juncker og Emmanuel Macron, folk ein kunne kalla representantar for eit integrasjonstisk og multikulturelt Europa.

Orbán har til liks med meiningsfeller i Polen oppmoda til eit forsvar av eit «kristent» Europa mot den «muslimske invasjonen». Og har skulda Angela Merkl for «moralsk imperialisme» for å ha opna for syriske flyktningar i 2015. Han har som Polen nekta å vera med på fordelingsprogrammet av flyktningar innan EU, og er den som fyrst og fremst må skuldast for å vere med på undergravinga av ein  rasjonalitetsforankra og moderat sentrumspolitikk i Europa. Friviljuge organisasjonar som hjelper flyktningar vert forfylgde skattemessig.

Kanskje nokon skulle fortelja Orban kva Vest-Europa gjorde med dei tusentals ungararar som flykta etter opprøret i 1956? Men naturlegvis, dei var gode kristne.

 

Fordekt antisemittisme

Fram mot valet i april har Orban peika ut den ungarske flyktningen George Soros (87) som hovudfienden, ein mann som har gjeve hundrevis av millionar til heimlandet til universitet og sjukehus.

Men Soros er del av problemet, ein tvitydig person, det må ein seia. Milliardformuen fekk han etter at han hadde lukkast i å spekulere mot pundet og Bank of England i 1992. For Orban er han difor symbolet på det nazistane kalla «raffende Kapital»,  eit omsynslaust, utnyttjande pengevelde. Lett å bruka.

På plakatar landet rundt er portrettet hans sett opp over setninga: Lat ikkje denne mannen få siste stikk! Like under ligg klassisk ungarsk anti-semittisme med samansvergings-tenking i botn. Soros vert kasta i rolla som den anonyme jødisk-liberale konspiratør, mannen som står bak alle Ungarns problem, invasjonen utanfrå og fattigdomen. Elitemannen frå New York. Universitetet han etablerte, Det sentral-europeiske universitetet i Budapest, CEU, er truga med å bli stengt.

Orban har nett avslutta ein «nasjonal konsultasjon» med spørreskjema sendt til kvar heim med spørsmål om dei er for Soros’ plan for «masseimmigrasjon».

 

Historia skrivast om

Med si Russlandsorientering har Orbán bidrege til Putins hovudføremål: å svekka EU m.a. fordi Unionen står for boikott av Russland etter Krim-invasjonen. Gjennom å verna små nasjonar  gjer EU og det vanskeligare for Russland å få gjennom handelsavtalar med dei på eigne vilkår. Orban har symbolsk nok teke ned EU-flagget i parlamentsbygget ved Donau.

Som alle høgrepopulistar skriv han om historia: Minnesmerket over dei innpå 500 000 drepne ungarske jødane i 1944 skaper inntrykket at det var den tyske ørna som blodig  slo ned på uskuldige Ungarn.

Røyndomen er ein annan: Ungarn gjorde gjennom den uhyggelege fascistrørsla Pilkorset og regenten, admiral Horthy, drapsarbeidet lettare for Adolf Eichmann. Det same mønsteret ser vi i Polen der PiS har blanda seg opp i utstillingane i krigsmuseet i Gdansk og no vil ha lovforbot mot alle som tek opp polsk medansvar for Holocaust.

 

Romet etter Brexit

Det er ikkje til å koma frå: Brexit inneber at UK ikkje lenger vil vera ei motkraft mot denne xenofobiske bylgja. Det har gjeve desse reaksjonære tendensane ny kraft. Som sagt, med Trump i det kvite huset er ikkje USA lenger ein kraft til støtte for menneskerettsrespekt. Vi ser ei ny verd forma seg.

David Cameron vil få det tungt framfor historias domstol. Han er mannen som for å løysa intern usemje innan tory-partiet sette dette lagnadstunge toget i gang. Det ein ser no er at EU meir og meir marginaliserer Brexit-forhandlingane og gjer vilkåra hardare.

Knapt til  å undrast over. Unionen har nok av problem  til at dei vil drukna seg i sjølpåførte britiske petitessar: Eurosone-reform, Hellas, arbeidsløysa, terrorismen, det permanente trugsmålet frå Putin, populismen i aust.

 

Forfallet i Vaclav Havels land

Og no Tsjekkia. Den 27.januar vann den sitjande presidenten Milos Zeman over utfordraren Jiri Drahos med  38,5% mot 26.2%. Valdeltaking var på 66%, opp 5% frå fyrste runden. Det var desse siste 5% som ga Zeman draghjelpa.

Som ved så mange val det siste året var by-land-dimensjonen viktig: landdistrikta gjekk for Zeman, dei urbane stroka for Drahos.

Sigeren til Zeman får til fylgje at statsmininisteren, Andrej Babis, nest rikaste mannen i landet, vert sitjande trass i at han er klaga for å ha underslege GBP 2 millionar av pengar frå EU til agrarforetak han eig. Med ein siger for Drahos ville han ha vorten avsett.

Drahos er tidlegare president i det tjekkiske vitskapsakademiet og stilte til val i ei freistnad på  vekke til live att Vaclav Havels moralske  visjon i politikken. Han klaga Milos Zeman for å senka presidentvervet til vulgært lavmål med sin anti-immigrasjonsline, populistiske stil og Putin-omfamning.  Zenan er også klaga for å svekke Tsjekkias vestvendte stilling  i EU og NATO og spela opp mot Putin. Zeman vil ha folkerøysting om Tsjekkias medlemskap i EU og NATO.

 

Ytre og indre Europa

Mislukkast EU i å oppnå respekt for det politiske og sivilrettslige grunnlaget i Unionen, vil Brussel svekkast i kjerna av  legitimiteten sin. Heile unionen kan gå under. Det er her den verkelege krisa kjem.

Men det er fleire dimensjonar her. Bulgaria og Romania er skeptiske til Emmanuel Macrons framlegg om eit sams skatteregime i Unionen. Den franske presidenten vil hindra at firma flyttar dit arbeidskrafta er billegast ( Whirlpool-fabrikken i Nord-Frankrike som flytta til Polen er berre eitt døme). No som det er komen ei ny optimisme i europeisk økonomi blir desse spørsmåla akutte.

Aksen Berlin-Paris vert no re-etablert trass i ei svekka tysk regjering. Det har sett nytt liv i den skepsis m.a. Romania og Bulgaria har synt mot det sentrale EU. Dei fattigare landa i EU har kunna bruke låge skattar og flyttbar billegare arbeidskraft som konkurransemessige føremonar i den økonomiske politikken. No kan dette bli vanskeligare. Og det likar dei ikkje.

 

Hovmodets farer

Samtidig må Brussel passe seg for hovmodets farer. Populisme i alle variantar er fyrst og fremst eit signal som demokratar må ta på alvor. Populistiske frieriar må motarbeidast med demokratiske argument og medvite politikk, ikkje forakt.

Jean-Claude Juncker satsar på å overtyde Polen og Ungarn at desse landa ikkje kan taka i mot enorme overføringar frå EUs strukturfond utan å respektere spelereglane. Han kallar avvisinga av flyktningar av muslimsk herkomst i desse landa som «rasistisk» – og i skarp kontrast til EUs verdigrunnlag.

Faren er openberr for at dette berre vil kaste parafin på flammene og gje påskot til å framstille Brussel som dei små nasjonane si plageånd. Berre vent til denne luren kjem i gang frå Budapest.

 

Vekst fører ikkje til liberalitet

Her kjem vi til eit sentralt punkt i denne innfløkte kampen. Pengar er ikkje alt. Det er ikkje slik at økonomisk vekst naudsynlegvis skapar liberalitet og fridomslengt. Dette har vore eit nærast aksiomatisk punkt i moderne statsvitskap: Med auka velstand vil det oppstå ei middelklasse som vil ha politisk og økonomisk fridom og som i livsstilsspørsmål og religion er frisinna. Modellen er Europa frå den franske revolusjonen og framåt. (Men gjeld openbert ikkje i Kina der den nyrike klassa har felles interesse med den autoritære staten i å halde urolege arbeidarklasse-element nede og styrke partimakta).

 

Attergløymene i globaliseringa

EU gløymte at globalisering  og TINA-kapitalisme har taparar (etter Washington-konsensusen etter Reagan og Thatcher: TINA «There Is No Alternative»). Den økonomiske veksten t.d. i Polen har vore fenomenal (Polen hadde 7% av BRDs GPD for tjue år sidan, no 53%).

Men auken ha vore ujamn. Ein talar om Polska B, dei som ikkje har teke del i velstandsauken i lågare middelklassa, blant bøndene og  arbeidarane. Det er her PiS finn sine kraftfelt, på landet, hjå lågt utdana, i tradisjonelle katolske segment som også ser kvinnekamp, identitetspolitikk på vegner av minoritetar (LHBT) og sekularisering som sædløyse og undergraving av deira moralske univers (klassisk anti-moderne revolt). Legg så til migrasjonsspørsmålet og terrorismefrykta og blandinga blir brennbar.

 

Anti-moderne lommar

EU burde ha skjøna dette. Røynslene frå t.d. velgerstønaden til NSDAP i Weimar-tida gjev masse materiale til å sjå korleis nazistane taktisk genialt appellerte til ulike sjikt på ulikt utviklingsnivå og med ulik medvitsprofil. Men med ei felles kjerne: frenetisk forsvar av nasjonal reinleik og identitet mot «dei framande» (jødar, muslimar no, den gongen fedrelandslause sosialistar og kommunistar i tillegg).

EU burde ha kunna skjøna kva som ville koma etter den økonomiske liberaliseringa. Kva med å ha nokre fleire politiske sosiologar og historikarar i Kommisjonen neste gong?

 

Bare er fredsprosjekt – også et moralsk prosjekt

Det vi ser no er altså ein djupfølt forakt for Emmanuel Macrons og Angela Merkels europeiske sivilisasjonsprosjekt. Då er det grunn til å minnast at EU frå starten ikkje berre var eit fredsprosjekt fundert på økonomisk rasjonalitet. Unionen var også eit moralsk prosjekt med klar front mot dei overvunne Europas demonar, aggressiv ekspansiv nasjonalisme, fordomar, rasehovmod og demokratimotstand.

Mot denne arven vart FNs menneskerettighets-konvensjonar og Europarådet sett opp som eit sivilisatorisk golv. Trass i all debatt om problema med ein ekspansiv menneskerettsjus frå domarar som  ikkje er valde, er det denne arven som det no gjelder å slå ring om. I spel setjast no dette verdigrunnlaget. Brussels prinsipielle linje vert no testa ut av dei tung-nasjonalistiske og EU-kritiske kreftene. EU er sårbar; det er mykje å kritisera.

Ingen, heller ikkje i Noreg, bør ha illusjoner om kva som står på spel.

 

Tilbake til det karolingiske Europa

Ikkje overraskande vert denne retorikken møtt med høge veljartal på heimefronten. Den intense motvilja mot aksen Berlin-Paris er som å følgje det gamle karolingiske Europa med røter attende til Karl den store, om du vil. Desse skiljene går djupt i Europas historie.

Dei ideologisk-politiske konfliktdimensjonane er blitt fordjupa av Brexit, dei gamles England, «small England», mot kosmopolitisk, urban ungdom. Det skal ikkje mye sosiologisk innsikt for å sjå at Trump, Brexit og den etnisk-autoritære populismen i Aust-Europa er runnen av felles mentalitet, trass i ulike nasjonale ytringsformer.

 

Ungarske tentakler i Bayern

At Orbán nå er i tett kontakt med Merkel-kritiske krinsar i det bayerske CSU, utfyller biletet. Ein tettare høgreallianse av mindre statar rundt innvandring og anti-modernitet (med den klassiske runden av motstand mot sekularisering, kvinnefrigjøring  og livsstils-minoriteter som kjerne) er i emning. Impulsene fra den sosial-konservative og nasjonal-autoritære katolske kyrkja er openberre.

CSU fikk bare 44,2 % ved valget i høst, ein nedgang på 9,8%. Partiet frykter at det absolutte flertall i München skal gå tapt. AfD fekk 10,5%. Franz Josef Strauss’ diktum at det ikkje skal vere noko til høgre for CSU, står dermed for fall. Dette er epokegjøende i bayersk politikk. Og frå Wien ser Orban den nye koalisjonen mellom FPØ og VPØ som ei handsrekning, sjølv om Europavendinga der enno ikkje er truga.

Det liberaldemokratiske sentrum svekkes

Orbán og CSU-leder Horst Seehofer har felles interesse av å svekke, kanskje felle Merkl om ikkje lenge. Går ho, vert det europeiske sentrum av sosialliberale, rasjonalitetsfunderte politikarar tynna ut, felt av ny-autoritære populistar med vag demokratisk tradisjon, om i det hele tatt noko. Det synest som om den nye politikargenerasjonen i Polen og Ungarn har gløymt historia når dei no legg seg på ein retorikk som kan minne om nazitida og bryt ned demokratiske institusjonar. Historisk gløymsle veit vi inneber at historia lett tek seg oppatt.