Demografien går mot republikanarene

Demografien går mot republikanarene

Mellomvalet styrka demokratane – men også Trump

 

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

Resultatet frå mellomvalet i USA vart slik dei fleste kommentatorane trudde: Demokratane tok attende Representanthuset med fleire mandat enn det som var turvande for å få kontroll (+27). Men republikanarane styrkte seg i Senatet (+2). Og viktige statar –m.a. Texas, Florida, Indiana og Tennessee – vart verande republikanske på senat- og guvernørnivå.
Demokratane vann i suburbia (t.d. i New Jersey) der Hillary Clinton stod sterkt i 2016. Valdeltakinga auka, det er viktig og sjeldan i mellomval. Her ligg demokratane sine sjansar – det var m.a. fordi ho ikkje fekk dei svarte fram til urna at Hillary Clinton tapte.
Kongressen er blitt meir mangfaldig enn før, med fleire kvinner – og yngre – og fleire frå minoritetane (2 muslimar og ein frå urfolket, ein openberr homofil ).
Og den latinsk-ætta Alexandria Ocasio-Cortez vann som venta i New York. Skamlaust kallar jo seg sosialist. Det er berre mogleg på aust-og vestkysten; i Ohio eller Montana lyder det ikkje så godt. Der trekk dei sin grunnlovsfesta pistol når dei høyrer slikt.

 

Mobilisering frå kvinnene

Yngre veljarar og kvinnene mobiliserte. Den gamle debatten om demografiske endringar – svekking av dei kvite anglo-saksiske protestantane («the Wasps») og styrking av latinos og auka deltaking frå afro-amerikanarane og kvinner – denne debatten har fått ny kraft no.
Desse trendane verkar mot republikanarane på lengre sikt. Dei har ført til mykje uro. Der er neppe tilfeldig at især republikanske guvernørar legg for dagen mykje energi i å snevra inn minoritetane sin bruk av stemmeretten. I Kansas har t.d. den republikanske guvernøren stroke 43 000 veljararar frå rullane på grunn av bagatellmessige feil i registreringane – ikkje korrekt bruk av bindestrekar t.d.

 

Stengt stemmerett

To statsvitararar i Wiscounsin har synt at ID-lovar i denne staten har fjerna 17 000 veljrarar frå rullane, i ein stat Trump vann med 23 000 stemmer. I 2013 vedtok Høgsterett at diskriminering av stemmeretten i enskildstatar ikkje lenger skulle vere lovstridig. Dette treff i sær minoritetar.
I boka «The Embattled Vote in America: From the Founding to the Present» (Harvard 2018) drøftar Allan J. Licthman dette og skriv at det i valkrinsar dekt av The Voting Act frå 1965 og med ein sterk svart og latino veljarskare, var det ein reduksjon med 868 stemmelokalar i 2016 samanlikna med 2014. I den augneblinken dei svarte fekk stemmerett er det rett å seia at dei kvite på ulikt vis tok til å finn utvegar for å demme opp for minoritetane sine demokratiske rettar. Her er det ei line attende til borgarkrigen. (Sjå New York Review of Books 8.11,s. 8). Denne kampen vil skjerpa seg til i åra som kjem.

 

Den paradoksale livsstilspolariseringa

USA er framleis djupt splitta, med ein retorikk av fiendskap og reduksjon av motparten, i sær frå høgre, som ikkje høver seg i eit demokrati. Og med livsstilsspørsmåla (abort, likekjønna ekteskap, religion, LHBT) framleis sentralt.
Det er openbert at for dei evangelisk sekt-kristne er abort viktigare enn Trumps kvinneforakt, lause seksualmoral og lygnvanar. Og hans rikdom. Dette paradokset er ikkje lett å skjøna for nordmenn.
Då eg vitja republikanske taleskrivararar i Washington nyleg, slo det meg at alle som vart spurt om Trumps moral vifta det vekk med orda: »Der er berre slik han er».

 

Svak maktbalanse

Det er for tidleg å seie at ein maktbalanse er blitt restaurert til fulle. Donald Trump har no kontrollen med dei tre attverande statsorgana, presidentvervet, senatet og høgsterett. På eit vis kan ein likevel seia at tenkinga bak den amerikanske grunnlova er stadfest: institusjonane har – i alle fall delvis – synt seg robuste. Den store testen kjem i 2020.
Men inntil då kan mykje vere skadd av maktbalansen: I det stille har Trump t.d. nominert 84 konservative domararar til det føderale rettssystemet. Det kan han halda fram med uhindra.

 

Pengar og tilgrodd system

California-representanten Nancy Pelosi vil no bli ny Speaker of the House. Ho meiner forfatningas «checks and balances» er restaurerert. Ho er ein særs røynd politikar, men samstundes del av problemet. Som mangeårig representant har ho bygd opp tette band til velståande pengegivarar i heimstaten. Ho symboliserer penganes øydeleggjande rolle i amerikansk politikk. Og ho stengjer dermed for eit sårt tiltrengt generasjonsskifte fordi yngre folk har ikkje desse pengetilgangane. Eg minnest ein boktittel: «American democracy – the best democray money can buy”.
Bakgrunnen her er det ulykksalege vedtaket I Høgsterett at pengedonasjonar fell inn under retten til fri ytring. Det fjerna alle hindringar for uhemma pengebruk til kandidatar. Mellomvalet var det dyraste nokon sinne.

 

Ikkje samling, høvisk respekt

Då sigeren var klar, stod Pelosi fram med det gamle mantraet: Nasjonen må samlast. Ho siterte Obama:» Her må det ikkje vera blå statatar eller raude statar, men sameinte statar».
Men dette er ei misforståing av kva demokrati er. Ho går djupt i Amerika. Det nyttar ikkje å tala om samling og sameining når kløyvingane er så kryssande og djupe som i dagens Amerika. Å tala slik, kan lett bli rein ideologi. Då meir fruktbart å tenkja gjennom korleis eit land skal kunne leve med slike konfliktar og på høvisk vis av-emosjonalisere dei.
I eit sjeldant tilfelle av sjølv-innsikt sa Trump nyleg at han gjerne hadde set seg sjølv legge an ein mildare tone. Her er det mykje å vinna for alle partar.
Eit klassisk døme på polarisert retorikk og fanatisme er den republikanske senatsleiaren Mitch McConnels utsagn om at såg si fremste oppgåve å hindre at Barack Obama fekk gjennom sine lover og dinest gjera han til ein ein-periode president.

 

Rettsleg makt og presidentens sjølvmelding

Men dømet Pelosi som ein stoppar på ulikt vis må ikkje få oss til å undervurdere sigeren til demokratane. Dei har no fått retten til å reise tiltale og kalle inn til rettslege avhøyr («subpoena»).
Dette vil dei no bruke og sette inn alt inn på å sjekke Trumps sjølvmelding og få ei klargjering av kva rolle russararar har hatt i forretningane hans. I Washington var det mange som kom med denne fortolkinga av presidentens fortid:
Trump har leire gonger vore nær konkursen. Då har han bede inn russiske pengebaronar å kjøpe seg inn i eigedomane hans. Desse oligararkane har på det viset kunne kvitvaske formuane sine. Dette er runnen til at han ikkje vil syne sjølvmeldingane sine. No kan dette bli slått opp på vidt gap gjennom demokratane sin siger i Huset. Også Robert Muellers etterforsking av den russiske relasjonen vil kunne få ny energi etter dette.
Og i Utah vann Mitt Romney. Etter at John McCain døde kan han bli leiar i den Trump-kritiske flygelen innan det republikanske partiet. Ein nykkel til å skjøna amerikansk politikk ligg her – og kva som vil skje i 2020 også.

Relaterte innlegg