Der nazismen vart forsont med keisarriket

Der nazismen vart forsont med keisarriket

Garnisjonskyrkja i Potsdam skal byggjast opp att, 50 år etter at ho vart riven ned av DDR-regjeringa. Det opnar mange kjenslevâre spørsmål om fortida. Ikkje minst om tilhøvet til den prøyssiske militarismen. Og den nye høgrepopulismen i BRD.

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

At bygningar kan vere symbol i tre og stein, veit vi alle. Arkitektur er tenking i materie, bodbringarar av minne. Avstøypningar av liv. Frå slott til katedralar, frå festningar til rådhus, frå enkle bustader til gigantiske skyskrapararar – dette er evigvarande strukturelle avtrykk frå manneætta.
For ikkje å tale om byplanar, ofte på kryssingspunktet mellom det monumentalt statsbyggjande (Ringstrasse i Wien), det politisk medvete (Hausmanns gaterevisjonar i Paris for å kunne kvele oppstandar) og det ornamentisk nasjonsbyggjande (Karl Johan i Oslo, eller Cicignon i Kristiansand og Trondheim).

 

Nytt innhald i gamle rom

Men nokre gonger skal eit historisk minne restaurerast. Nokre gonger er det ukontroversielt, jau, nasjonalt naudsynt. Ta Polen.
Hitler ga ordre om at stein ikkje skulle vere att på stein i Warszawa (sjå den handskrivne ordren hans i bymuseet i Warszawa). Men polakkane hadde omsorgsfullt teke vare på alle teikningane over gamlebyen der. Etter at nazistane hadde etterlete seg byen i rubbell og bit i 1945, kunne den vakre bydelen og stadslottet presentere seg på ny, som om katastrofen var viska ut, samvitsfullt restaurert til siste detalj.
I statar med mykje historie – nokre vil seie for mykje historie – som Tyskland, vil restaureringsprosjekt av denne typen alltid bere med seg ein tung arv av tvitydige minne.
Tenk berre på keisarslottet i Berlin, sprengt i lufta av Walter Ulbricht i byrjinga av femtitalet. Dette slottet, krigsskadd, var symbolet for det autokratiske, wilhelminske Tyskland og den prøyssiske militarismen.
No vert dette slottet restaurert på staden der DDRs asbestfylte og prangande Volkspalast stod. Med gamal klassistisk fasade, men med nytt innhald. No vert palasset museum for verdskulturane, basert på dei store samlingane Berlin-musea har liggjande. Det vert sikkert storslått. Eg gler meg.

 

Minne eller åtvaring

Femti år etter at ho vart sprengd sund av DDR skal altså no garnisjonskyrkja i Potsdam byggjast opp att. Denne barokkyrkja vart innvigd i 1732 etter teikningar av Philip Gerlach. I Die Zeit nyleg hadde Evelyn Finger eit breitt oversyn over dette symboltunge bygget.
Det debatten no står om, er om denne kyrkja kan bidra til forsoning. Skal bygget bli eit minne og eit åtvaring mot ei farleg line i tysk historie, eller på ny eit samlingspunkt for nostalgiske attersyn i eit Tyskland der marsjar mot ‘dei framande’ reiser hovudet att?

 

Symbol på militarisme

Der det i dag berre er eit tomt rom, stod ein gong det fysiske oppdraget frå kong Friedrich Wilhelm I: eit byggmeister-praktbygg stødd av den prøyssiske adel. 3000 plassar. Dei som sat attmed alteret kunne sjå opp på ei skinnande sol i taket.
Kyrkja vart tidleg symbol på militarisme, nasjonalisme og til sist nasjonalsosialisme. Det var her, den 21. mars 1933, etter at NSDAP hadde vunne ein storsiger (men aldri reint fleirtal!) i det ufrie valet 5. mars, at korporal Hitler rakk fram handa til marskalk Paul v. Hindenburg i pikkelhovud og slik symbolsk sameinte nazismen med den prøyssiske arven av autokrati og hyper-nasjonalisme.
Biletet av ein audmjukt bukkande Hitler i sjakett er noko av det mest inntrykksfulle i heile den tyske 1900-talssoga.

 

Den tomme keisarstolen

Framfor alteret stod keisarstolen tom. Han som ein gong sat der, var oppteken med å hogge ved i sitt eksil i Dorn i Nederland (han held på å bli åtala for ein internasjonal domstol for krigshissing).
Wilhelm II hadde draumar om å bli kalla attende til slottet sitt i Berlin. Så mykje skjøna han av den moderne massepolitikken som Hitler stod for.
Wilhelm II vart den store attergløyma. Men Hitler sendte i alle fall ein krans då vedhogginga stogga i 1941.

 

Å dempa angsten

Hitler skjøna at han måtte roa ned angsten i det tyske borgarskapet for den nye valdsame masserørsla i nazipartiet. Forsoninga skjedde symboltungt nett i denne kyrkja. Opptrinnet, med prøyssiske pikkelhelmar og SA-formasjonar innimellom, eliminerte for augneblinken trugsmålet frå høgre for Hitler. Hitler hadde nase for slikt. I tillegg utnemnde han ein aristokratisk utanriksminister, Konstantin v. Neurath, for å roa ned angsten for revolusjoin ute og heime.
Her ligg også mesteparten av grunngjevinga for at DDR brukte dynamitt for å laga kyrkja om til ein ruinhaug i juni 1968. For denne kyrkja stod for alt ikkje DDR stod for.

 

Lang veg til restaurasjon

Arbeidet med å atterreise bygget tok til i 1990. Heile vegen åtvara kritikarane mot å få ei «militærkyrkje» att i Potsdam. Skeptikarane peika på dei svarte sidene ved prøysser-ideologien som kunne få sitt nyoppvekte symbol: revansjisme, krigsforherleggjering, konge-og førartruskap, kadaverdisiplin.
Forsvararane svara med å lansere mottoet: «Gløym ikkje historia, kjenn ansvar, lev ut forsoning».

 

Fredens veg

På framsida av bygget skal det rissast inn i fem språk: «Før føtene våre til fredens veg». Det er ei helsing med bibelsitat til dei fire landa Tyskland gjekk til åtak mot: Polen, Frankrike, Russland og Storbritannia, leser vi. (Men kvifor ikkje Tsjekkoslovakia, Holland, Belgia, Noreg, Danmark, må vi spørja).
Inne i kyrkjerommet skal det vere plass til mykje anna enn høgmessar: bibliotek, føredragsssal, arkiv og utstillingar. 1200 kvm. Folk skal få ei kyrkje som korkje osar av prøysser-ovundring eller prøysserforakt.

 

Frå høgre: ikke kvinner, ikke homofil

At vedtaket om atterreising ikkje var lett, kan ein sjå på prosessen forut. Biskop Wolfgang Huber, som er knytt til kyrkjelyden, fekk eit tilbod frå ein pensjonert oberst, Max Klaar. Han ville gje seks millionar euro til atterreisinga, men på fylgjande vilkår: inga kvinner skulle få preike, ingen homofile, ingen venepliktnektar. Tilbodet vart avvist av biskopen.

 

Den djupe ambivalensen

Svaret hans er interessant. Det er ikkje nokon annan stad i Tyskland der ein klårare kan sjå tvisynet i tysk historie, sa Huber.–Eg er for å byggje kyrkja opp att nett for å syna fram denne ambivalensen.

 

Toleranse og disiplin

I debatten er det også kome påpeikingar av at arven frå Prøyssen også omhandla ikkje berre kadaverdisiplin men også kompetanse, ubestikkelege offentlege tenestemenn, høge daningsideal, bismarckianske velferdsordningar og religiøs toleranse. Friedrich I opplevde sjølv fleire høgmessar med trusvedkjenningar i kyrkja.
Med andre ord: fromheit, pliktkjensle, sparsamheit, lydnadsideologi kunne, jau, føre til konsentrasjonsleirane.

 

Menn bak 20. Juli

Men Finger minner oss om at det var og prøyssiske offiserarar som kom nærast til å få teke livet av Hitler 20. juli 1944. Henning v. Treschow, ein drivkraft bak attentatet (han drap seg sjølv på Austfronten då det var klart at attentatet var mislukka) hørte til infanteriregiment 9. Det hadde garnisjonskyrkja i Potsdam som sitt gudshus.
Einogtjue offiserer frå dette regimentet tok del i drapsfreistnaden på Hitler. Treschow sa i 1943 at ‘fridom ikkje måtte skiljast frå prøysserdom’.
Automatisert motstand mot garnisjonskyrkja tek ikkje tilstrekkeleg høgd for denne dimensjonen ved soga. 38 millionar euro vil alt koste.
Det er den same arkitekten, Thomas Albrecht, som byggjer keisarslottet i Berlin som også skal stå for Potsdam-kyrkja. Dei som har vitja Hofkirche i Dresden, bygd opp delvis med bruk av computarar for å få på plass steinar frå ruinhaugen etter februarraidet i 1945, vil skjøna kor flott Potsdam-bygget vil bli. «Prøyssen utanpå, nytt inni».

Og som biskopen seier det: ”Når potsdamarane ser kyrkja stå der, vil vi alle bli forsona med kvarandre”.
Det er å vona.