Det splintra landet

Det splintra landet

Storbritannia er ikkje lenger landet der berre klasseskiljene – høgre/venstredimensjonen - slær ned pæler mellom folk og dominerer vala. No er mønsteret eit kaos som får statsvitarane til å kurre av fryd og gripe til tastaturet. For UK er blitt det splintra landet

 

Av Bernt Hagtvet

 

DEN POLITISKE SOSIOLOGIENS KJERNEORD

Oxford, England.-Skiljeliner – det er den politiske sosiologiens kjerneord, alle statsvitares mantra. Ein gong trudde vi det var vårt trylleformular. Den gongen politikken var føreseieleg og stabil. Det byrjer å bli lenge sidan. Før mellom anna kommunikasjonsteknologien endra så mykje.

Klasse, region, religion – det var Stein Rokkans klassiske overskrift på samleartikkelen hans om Noreg i  samleverket «Party Systems and Voter Alignments» frå 1967. Alle statsvitares referanseverk.

Han føydde han til: norsk politikk dreidde seg også mykje om kulturelt betinga senter-periferiskiljer med feste i sørvest og motstand mot sentral autoritet, Oslo.(Det er ikkje berre Bryssel men også Oslo som ligg avsides, berre spør folket på Senja).

 

SØRVESTLEG MOTKULTUR OG KLASSEPOLARISERING

Sørvestleg motkultur som svekka Arbeidarpartiet og ga mellompartia stønad, klassepolarisert periferiprotest i nord som ga det same partiet den fyrste stortingsrepresentanten i 1904 (i strok der Rokkan sjølv kom frå); bruksstorleik  og skogeigarar i Hedmark og jamne kår i Sogn – dette framførte han som forklåring på partimønsteret.

Inga  overrasking at den siste kommunisten på Stortinget kom frå Hedmark – det skuldast arge eigedomslause sesongarbeidarar i skogbruket. Og at NS var sjanselaus i vest. Det kom av at den store likskapen i brukstorleiken på gardane som ikkje opna for ekstremistisk appell. I sørvest stod mellompartia sterkt (Rokkan kunne ikkje gissa at det skulle bli Fr.P. som tok over mykje av denne appellen).

 

IKKJE LENGER SÅ KJEDELEG

Med dette apparatet kunne vi takla valmønstra i Europa som eit puslespel. Det mest keisame me visste var dei britiske øyane. Ok, the Troubles i Nord-Irland var langt frå kjedelege. Men elles gjekk analysen av skiljeliner i UK mest i klassetermar, til naud med ein nord/syd-dimensjon til og frå Skottland.

Religion kom ikkje med i det heile – her er det ein interessant skilnad til Noreg. Religionsskiljene med den lille jødiske minoriteten i UK og den mykje større, katolikkane, har ikkje vore politisert sidan 1600-talet. Heldigvis.

Det er her Brexit har slege alt over ende. Det sameinte kongeriket er no gjennombora av eit kryssmønster av skiljeliner. New Statesman hadde for nokre numre sidan eit oppslag som gav eit vell av innsikt om britisk politikk nett no.

 

Westminster Bridge at sunset, London, UK

 

UNG OG GAMAL – UTDANA OG IKKJE UTDANA

Det som splintrar britane no er sjølvsagt  høgre/venstredimensjonen, like klårt som før. Det synte Brexit-avstemninga. Men no trær generasjons- og utdaningsskiljene klårare fram. Pluss region. Ungdomen stemte for å bli verande i EU; dei eldre ville ut. Og dei var jamnt over busette utanfor byane og heldt til nord i landet, i dei gamle etter kvart nokså losslitne industristadene i Nord-England. Regionar verka utslagsgjevande saman med økonomisk ulikskap. Generasjonsskiljer verka i tillegg.

Som i USA gjekk det viktige politiske skiljeliner ut frå grad av utdaning. London var klårt for EU, og skottane stemte klårt for å bli. Brussel er nærare Edinburgh enn London. Sentrum/periferi.

 

UNGDOMEN VELJER FORSKJELLIG

Her er eit samanliknande perspektiv godt å ha. Kan nokon forklara kvifor så mykje norsk ungdom ser på EU som eit kapitalistisk prosjekt med demokratisk underskot, eit trugsmål mot sjølvstendet i landet vårt, og ikkje slik britisk ungdom gjennomgåande ser på unionen: som ei open verdsdel med sjansar, nyskaping og fridom. Med dynamikk, sterke variasjonar  i kultur og historie og mykje ljos og varme. Spør t.d. dei 80 0 00 franskmenn som bur i London no og fryktar for at dei skal kastas ut frå dei kvite klippane i Dover. Frå ei kosmopolitisk livsinnstilling i UK til nasjonalkonservatisme i Noreg. Kapitalismekritikk på norsk venstreside, meir internasjonalisme i GB. Kvifor?

 

LABOUR ER TVITYDIGE

Derav ambivalensen i Labour andsynes EU. Økonomiske krefter av neo-liberalt merke ser på EU med sine reguleringar om m.a. naturvern og si arbeidslovgiving som eit hinder for den frie kapitalismen. Dei vil ha ein marknad fri for nett dette. Det er lite sannsynleg at dei at dei vil hjelpa dei små og dei etterletne i Oldham.

Jeremy Corbyn vart difor sett i eit dilemma, for EU kunne godt ha vore framstilt som i mange høve eit siviliseringsprosjekt og ei handsrekning til ordna tilhøve på arbeidsmarknaden.  Derav den lunkne haldninga hans som nok gjorde sitt for at det vart Brexit. Britane var aldri okkuperte. Det gjer at dei har svakare kjenslemessig kontakt med EU enn t.d. Frankrike og Tyskland. Fredsargumentet for EU er svakare for UK enn for dei europeiske sentralmaktene.

Flags of the United Kingdom and the European Union.Brexit concept.

DEI DORMANDE SKILJELINENE

Eit hovudpoeng i Rokkans politiske sosiologi er at historisk gjevne skiljeliner kan liggja potensielt til stades i samfunnsveven og bli vekte til live av overgripande saker.

Både klassepolariserande sentrum/periferi spaningar (Oslo-nord) og kulturelt betinga sentrumsmotstand (Oslo-sørvest) vart vekte til live av EEC-røystinga i Noreg i 1972.

Det same kan vi seia om UK no, der nett det skotske spørsmålet vart akutt med EU-saka og også vekte opp att ei rad med andre skiljeliner i England. Ved sidan av utdaning, alder og sentrum-periferi er det klårt at nye interessepolar vert organiserte kring eigarar og leigarar i boligmarknaden. Underleg fråverande i denne debatten er kjønnskilnader.

 

DE GAULLE FÅR RETT?

Det var president Charles de Gaulle som med sitt nei til britisk EEC-medlemskap i 1963 sette den norske EEC-debatten mellombels på vent. Han meinte britane ikkje høyrde med i den nye fellesskapen. Etter meir enn femti år med britisk «foot dragging» og ambivalens har generalen fått rett.

Denne saka har også vekt til live dormande skiljeliner i den britiske statsskipnaden, nett som i Noreg.

Den franske presidenten meinte at framtida til Europa ikkje låg i ein meir og meir omfattande union, men i «fedrelandas Europa», dvs. med sikring av nasjonal suverenitet, frihandel men ikkje meir.

Med Brexit kan det sjå ut til at eit grandiost unionsprosjekt er komen i ei krise. Då kan de Gaulle få rett ikkje berre kva gjeld den britiske medlemskapen. Han kan få rett om noko langt meir, sjølve unionen: Han ville ha eit  frihandelssamband, ikkje ein union.

Kan hende er EU på veg attende til nett det og Brexit er varselet.

Relaterte innlegg