Det totalitære trugsmålet

Karl Dietrich Bracher (1922-2016)

Av Bernt Hagtvet

Frå Bonn kjem meldinga om at professor Karl Dietrich Bracher er død, 94 år gamal. For nokre veker sidan døydde Berlin-kollegaen hans, Ernst Nolte, og ikkje lenge før det i New York, Fritz Stern.

Den store historikargenerasjonen som anten var med i andre verdskrigen eller vart forma av han, er no i siste fase. Karl Dietrich Bracher vart t.d. teken til fange då han tenestegjorde i Rommels Afrika-korps og vart halden som krigsfange i Kansas, USA.

Bracher var mesteparten av livet – frå 1959 til 1987 – professor i samtidshistorie og statsvitskap i Bonn. Han tok doktorgraden i Tübingen i 1948 og studerte så på Harvard før han fekk lærarstilling ved Freie Universität, Berlin, så Bonn.

Maktvakuum og elitesvik

Karl Dietrich Bracher har etterlete seg eit omfangsrikt forfattarskap, der tre verk står i ei særstilling: Die Auflösung der Weimarer Republik: Eine Studie zum Problem des Machtverfalls in der Demokratie (1955), Die Nationalsosialistische Macthergreifung (1960) og Die deutsche Diktatur: Entstehung, Struktur und Folgen des Nationalsozialismus (1969). Den siste boka kom på engelsk i 1970 og vart eit standardverk. Vi leste det på Yale på 1970-talet. Læraren vår den gongen, Henry A. Turner, ein av dei leiande i studiet av finansstønaden til Hitler frå big business, meinte den boka  var verdt det det meste av anna litteratur om nazi-tida.

Sentralt i arbeidet hans om Weimar-republikkens fall er omgrepet ‘maktvakuum’. Etter at SPD-kabinettet under Heinrich Müller demisjonerte i mars 1930 og valet same år ga Hitlers parti 107 representantar i Riksdagen, var Riksdagen sjalta ut som regjeringsgrunnlag. Det opna for at den aldrande rikspresidenten, helten frå fyrste verdskrigen, Paul v. Hindenburg, vart tvungen til å styra gjennom dekret. Det var mogleg i forfatninga. Men paragrafen som tillet presidenten å styra utan å søka fleirtal i parlamentet, § 48, hadde til føremål å styrka  demokratiet mot fiendane. Han hadde vore brukt slik av Friedrich Ebert på 1920-talet.  

Hundreårets mistak

I hendene på demokratiets undergravarar – dei illiberale og  republikk-fiendtlege kreftene blant dei storindustrielle og agrar-reaksjonære krinsene, framfor alt Franz v. Papen (frikjend i Nürnberg i 1946) – vart denne pararagrafen sjølve dødsstøtet mot republikken.

Hindenburg let Papen avsetja ulovleg det sosialdemokratiske styret i Preussen sumaren 1932 i ly av han, og let han opna for Hitler i januar 1933. Papen trudde han hadde Hitler ‘mala inn i eit hjørne’, hundreårets djupaste politiske mistak. Bracher har skrive eit etsande åtak på memoarane til denne skyldnaren. Ein sann svir av historisk avkledning!

For Bracher vart Weimars fall sjølve sinnbiletet på at grunnlovar ikkje tel stort i kriser, uansett kor demokratiske dei er utforma på papiret – dersom det er sterke nok krefter som vil demokratiet til livs. Dette er bra å minna juristar om av og til.

Samstundes er det verdt å minnast at den ytre juridiske forma for maktovertakinga, den ‘legale’ revolusjonen, var med på å minska motstanden.

Nazismen ikkje «fascisme»

Bracher var med i alle dei store debattane under den kalde krigen. I The German Dictatorship (1970) var han klår på eitt punkt. Han var  mot å operere med eit ålment omgrep ‘fascisme’, slik kommunistane hadde for vane frå 20-talet av ( jfr. ‘den tyske fascismen’).

Den tyske nasjonalsosialismen var så annleis, så germansk, at han ikkje så det fruktbare i å operere med eit slikt ålment  omgrep.

Bracher skreiv ikkje som fjern akademikar. Han skulda landet sitt for ansvaret over å ha brakt til verda eit av de verste diktatura verda har sett. I  1970 såg ha det vest-tyske demokratiet som «enno ikkje sikra», samstundes som han i seinare essay om att og om att streka under at «Bonn er ikkje Weimar».

Tragedien var korkje resultat av ein «Sonderweg» i tysk historie, vante på demokratisk sinnelag, Versailles-freden, frykt for bolsjevismen eller kapitalistisk konspirasjon. Han så ansvaret ligga i sin eigen generasjon som spela med og undervurderte fenomenet Hitler.

Rase, jødehat og stat

Det var særleg den biologiske anti-semittismen og skilnadene i synet på staten som sette NSDAP opp mot Mussolini. Der Mussolini seier at «alt er i staten, ingenting utafor staten og at vi må ha ei forferdeleg totalitær vilje», der seier Hitler Das Volk. Den germanske rasen var alt for Hitler, staten berre eit verkty for reinskap og rasemakt.  Også i synet på kultur og modernitet var den italienske Fascismen heilt annleis enn den tyske nasjonalsosialismen.

Heldt på omgrepet «totalitær»

På den andre sida meinte Bracher at omrepet totalitær var det beste vi hadde for å gripa det nye i diktatura til Hitler og Stalin – og, kan vi føye til, Mao og Pol Pot. Det var den totale tilintetgjeringa av alle individuelle rettar saman med den massive satsinga på folkeleg mobilisering- det ‘plebiscitære’ elementet –  som skilde dei massebaserte regima i det 20. hundreåret ut frå dei gamaldagse  tyranniane eller despotiane.

Bracher var i sær glad i å sitere Alexis de Tocqueville som i verket sitt om demokratiet i Amerika (1835) skreiv at han kunne ikkje finna eit dekkande ord for dei trugsmål som dei moderne demokratia er utsette for innanfrå, frå massane. Det ordet Tocqueville mangla var ordet totalitær, meinte Bracher, det massemobiliserande diktaturet. Det er kjenneteikna av bortfallet av skillet stat/samfunn, gjennomgåande politisering av alle livsområde, ein sentralisert, monopolisert ideologi, bruk av terror, imperialisme, pseudo-religiøs trong etter det absolutte og politisk underordning av økonomien. Ved å gløyma omgrepet totalitær står vi i fare å trivialisere denne erfaringa.

Ikkje bleik «historisering»

Eg hadde sjølv gleda av å høyra Bracher ved 50-årsmarkeringa av maktovergivinga til Hitler i Riksdagen 30. januar 1983. Han reagerte då ein kollega, Hermann Lübbe, ikkje ville høyra meir at generasjonen hans  hadde dukka under oppgjeret med nazismen etter krigen. Lübbe sa at det var ikkje noko anna å gjera enn å få dei med og breie eit klede over brotsverka. Utan gamalnazistane var der ikkje mogleg å etablere Forbundsrepublikken, sa han.

Bracher svara ned å åtvara mot alle freistnader på å ‘historisera’ nazismen og dermed svekka det moralske ansvaret for massedrapa denne tida. I ein artikkel i Frankfurter Allgemeine Zeitung i 1986, under den valdsame historikarstriden, tok han opp at nett svekkinga av forståinga av dei felles elementa i nazismen og kommunismen har bidrege til å svekka vårt moralske forsvar mot «sivilisasjonsfallet i ein sivilisasjon som ser seg eg sjølv som forma av kristendom, humanisme og opplysningstida». Nett ved å samanlikna kan vi skjøna betre det singulære, det eineståande i nazismens brotsverk. Ein stor forskar og ein lysande demokratisk personlegdom er gått bort.

Bernt er prof i statsvitskap og underviser om europeisk fascisme ved Yale-universitetet i New Haven,Connecticut.

Relaterte innlegg