Eit fårleg liv i eggelikørens skugge

Eit fårleg liv i eggelikørens skugge

Wolfgang Leonhard (1921-2014): DDR-kommunisten som vart overtydd av anarkistane og gjekk vegen frå Stalin-ovundring til sosialdemokratiet via Bakhunin. Leonhard var den siste overlevande frå den inste krinsen av tyske kommunistar - og den fyrste som gjekk i eksil frå ein posisjon i ein sentralkomité (1949). I Vest-Tyskland vart han ein leiande Sovjet-ekspert og historikar.

Av Bernt Hagtvet

 

-Eg har levd eit fårleg liv, sa Wolfgang Leonhard. Stasi visste om eit svakt punkt hjå meg: Eggelikør. I arkiva i Aust-Berlin etter at muren fell fann eg dokument som synte at det var planar om å forgifte meg med sovemiddel i eggelikør – og så frakte meg medvitslaust attende til DDR.

Det skulle det hemmelige politiet gjere i en spesialsydd plastsylinder – etter å ha brote seg inn i heimen min. Dette var tidleg på 50-talet. Tidleg hadde eg ein mistanke og unngjekk eggelikør. Litt synd det der.

-Ja, eg har levd eit fårleg liv. Tok alltid fly til Berlin under den kalde krigen. Torde aldri ta vegen. Dei hata meg der borte. Alt kunne skje. Eg hadde jo fyrstehands kunnskap om korleis det stalinistiske diktaturet verka i praksis.

 

 

AUGEVITNE TIL HISTORIA

Eg møtte Wolfgang Leonhard som historieprofessor ved Yale i byrjinga av 70-talet. Flyktningen frå DDR var ein magnetisk førelesar; han kunne trollbinda hundretals studentar i dei store auditoria i kurset sitt om kommunismens historie.

Salen vart t.d. dørgande stille då han fortalde om responsen på oppslaget på partihøgskulen i  Moskva 29. august 1939. Leonard var då i ein spesialheim for tyske og austerrikske foreldrelause born (nedlagt ei uke etter Molotov-Ribbentrop-pakta).

No var Hitler ein alliert! Dødsfienden som i Molotov-Ribbentrop-avtala vart ein ven – det var ikkje til å tru.

I sjeldan grad har Wolfgang Leonhard vore eit augevitne til historia. Han ga ut bok om desse «evige augneblinka» i historia, som Stefan Zweig kalla dei, ei bok om kor folk var på dei mest avgjerande tidspunkt i historia.

 

 

KOR VART PARTILINA AV?

Og det var mange som ikkje trudde i 1939. Då Komintern-agentane skulle ut i verda for å overtyda lokale kommunistparti om at Molotov-Ribbentrop-pakta var realpolitisk naudsynleg, vart dei nesten banka opp i London, fortalde Leonhard. Så song me friskt i rommet hans på colleget i New Haven den ironiske partivisa på melodien til «Oh, my darling, Clementine»:

«Oh, my darling, oh, my darling party line, you are lost and gone forever, of my darling party line!”

Leonhard hadde ein heil vinylplate med slike songar. Det var tider!

 

KVIFOR VILLE TRANMÆL INN I KOMINTERN?

Eg tok kurset til Leonhard på Graduate School og skreiv om DNA og Komintern på 20-talet. Leonhard nikka fornøygd og ga meg ein leksjon om Martin Tranmæl og den norske arbeidarrørsla si soge. Han hadde interesse for skandinavisk politikk etter nokre år på kostskule i Sverige frå 1933. Han fekk valet av mora mellom eksil i USSR eller England. Han valde Sovjet.

Naturleg nok var han interessert i kvifor Det norske Arbeidarpartiet som eit av de største i Europa kunne melda seg inn i Komintern i  1921 og femna om dei 21 leninistiske tesane med vilkår for medlemskap  (dei såkalla «Moskva-tesane»).

Eg spegla den gjengse historikardomen om at det stod om «ei gjensidig misforståing». (DNA forsvann fort ut att).

Leonhard var ivrig med og fortalde meg om vitjinga hans til Studentersamfundet i Oslo i 1959. Der heldt han føredrag om revolusjonen som åt borna sine (jfr. «Die Revolution entlässt ihre Kinder (1955), ein klassikar om tendensen kannibalisme i kommunistpartia.)

 

 

SJØLBIOGRAFI FORKLEDD SOM VERDSHISTORIE

Om Churchill er det sagt at han skreiv sjølvbiografi forkledd som krigshistorie. Det same kan seiast om Leonhard: Han skreiv sin eigen biografi forkledd som kommunismens historie. Som få kunne han fargelegge stoffet sitt med eigne opplevingar og svøpte det heile i et nyansert, vakkert og litterært engelsk nesten utan tysk aksent. Språket hadde han lært på instituttet for framande språk i Moskva, sa han. For eit liv! Høyr berre no:

 

 

PRAKTISK VS. TEORETISK STATSVITSKAP

Med ein glimt i auget fortalde Leonhard oss at me måtte ikkje berre læra teoretisk statsvitskap.

-Eg skal lære dykk anvendt statsvitskap, sa han.-Korleis ein forfalskar val (ytst komplisert; krev folk på alle nivå i administrasjonen); korleis ein kryssar grenser utan pass, forgiftar fiendar, spreier falske rykte for å karakterdrepa ein motstandar, osb. I det heile, nyttig kunnskap.

 

 

GOD GIFTKUNNSKAP

Særleg nyttig var det å kjenna skilnaden mellom gift  i glaset ditt som verkar etter 30 sekundar og gifta som verkar etter eit kvarter. –Det kunne stå om liv. I Vest-Berlin før muren kom i 1961 var dette verkeleg livsviktig kunnskap, for agentar frå DDR var stadig på farten for å bortføra flyktningar frå aust. Det gjeld å merke seg smaken. Med ein gong. Ofte skjedde forgiftinga i barer.

-Den dag i dag går eg alltid på venstre side av vegen, for det kan vera bra å ha dei sekundane til disposisjon som det tar å kryssa vegen for ein bil som kjem frå høgre og skal bortføre deg. Praktisk statsvitskap.

 

 

STALIN VILLE IKKJE HA TYSK REVOLUSJON

Eit av Leonhards spesialdistansar var soga om rolla til Stalin i byrjinga av 1920-talet. Då freista det tyske kommunistpartiet KPD ved fleire høve å få til fleire revolusjonsopplaup. Leonhard meinte at Stalin alt då var klår på at eit revolusjonært Tyskland ville bli ein tung konkurrent for eit tilbakeliggande Sovjet – det Sovjet han ville leida.

Leonhard meinte Stalin forrådte den tyske revolusjonen ved å lekka planane. Alle freistnader vart mislukka. I staden kom Hitler.

 

 

«SPESIALOPPDRAG»

Skal du flykte frå  eit kommunistregime, må du ha tid. Mykje tid. Då gjeld det å seie at du er på «Sonderauftrag». Då er det ingen som spør på tre veker, fortalde Leonhard oss.

Det var den tida Leonhard trengte på å koma seg vekk frå DDR. Her vert plottet tjukt, som det heiter.

Startpunktet kom16.april 1948. Då heldt Walter Ulbricht ein fem-timers tale der han skisserte framtida til det som vart DDR. Wolfgang Leonhard fortalde oss om Ulbricht (generalsekretær i SED, Det sosialistiske einskapspartiet, etter tvangssamanslutninga med SPD, frå 1950 til 1971. SED var statsberande parti i DDR fram til oppløysinga av staten i 1991).

– Ulbricht hadde ikkje sans for nokon form for kunst. Folk som ikkje forstår seg på musikk, ja, kunst i det heile, er fårlege, sa han. Ulbricht var tørr og fanatisk. Leonhard var litt redd han.

Men det var han som ga han namnet Wolfgang. Leonhard var opphaveleg døypt Vladimir. På flyet heim til Berlin 30. april 1945 sa Ulbricht at eit slikt namn kunne ikkje ein tyskar ha. Ulbricht meinte Wolfgang eigna seg bra. Og slik vart det.

 

 

INGEN TYSK DEMOKRATISK VEG TIL SOSIALISMEN

I sjølvbiografien sin la Leonhard ikkje skjul på at han var ein sterk tihengjar av marxismen-leninismen. Men den unge Vladimir/Wolfgang hadde alt i 1936 kome med innvendingar mot det stalinistiske statsskipnaden. Talen til Ulbricht i 1948 gjorde han overtydd om at kommunistane ikkje ville opne vegen for ein meir demokratisk veg til sosialismen, berre gjenta den stalinistiske modellen.

 

 

OVERTYDD AV BAKHUNIN

Men til oss ga han eit anna poeng. I 1947 arbeidde Leonhard i det historiske instituttet i partihøgskulen «Karl Marx». Der fekk han i oppdrag å utarbeide ei kvitbok om Mikhail Bakhunin og den anarkistiske tradisjonen som alltid hadde underlagt marxismen ein bitande kritikk for rigiditet og byråkrati.

-Eg gjekk på »Sonderauftrag», tok med meg alt eg kunne finne av anarkistisk litteratur, isolerte meg og las. Eg vart overtydd om at her låg ein tradisjon som gjekk til åtak på marxismen på dei mest sårbare punkt – og vann. Eg måtte vekk.

 

 

FULL RUSSAR I PRAHA

Så kom historia om flukta frå Aust-Berlin til Praha i mars 1949. Over grensa til fots ved Dresden. Hadde sørgt for kontaktar i den jugoslaviske ambassaden i Praha, men ingen svara. Gjekk åleine rundt i Praha, det farlegaste av alt. Fyrste brot med anvendt statsvitskap. Måtte til stader der det er mange folk for å skjule seg. Men det veit det hemmelege politiet også. Razzia. Flykta inn i herretoalettet på jarnbanestasjonen og gjorde seg om til full russar (han tala jo språket feilfritt). Vart late i fred.

Andre brot på anvendt statsvitskap: Han spurte den fyrste og beste om husvære. Vart trudd. Tredje brot på anvendt statsvitskap: fekk rom i øvste etasje. Inga fluktvegar. Neste dag svar i den jugoslaviske stasjonen. Eit av dei siste flya ut frå det frie Praha.

For dramatisk effekt fortale Leonhard at han fekk vitjing av piloten i lufta.-Eg veit ikkje kven du er, men du er trygg no. Vi er over jugoslavisk luftrom…

 

 

BALUBA FRÅ AUST-BERLIN

Leonhard visste kva han gjekk til. Etter ei tid ville det kome ein valdsam reaksjon frå Aust-Berlin. Og det gjorde det. Ein kampanje mot svikaren vara i fleire år. Leonhard vart leiar for dei tyskspråklege programma frå Beograd. Og aust-tysk statsfiende. Livet vart fårleg.

Karriera til Leonhard etterpå vart mangfaldig: studiar ved St. Anthony’s College i Oxford, gjesteførelesar ved ei rekke tyske og amerikanske universitet, seinast ved Yale frå 1966 til 1987. Der var George W. Bush ein an elevane hans, og det seiast at Bush jr. vart sterkt forma i synet på tilhøvet demokrati/despoti av desse førelesingane. Men Bush var som kjent ikkje den skarpaste kniven i kassa.

 

 

MORA SAT 12 ÅR I GULAG

Mora til Leonhard, Susanne, som var ven med Rosa Luxembourg og Karl Liebknecht, vart arrestert av NKVD i byrjinga av Stalins paranoide kampanje mot ‘fascistiske’ statsfiendar i oktober 1936. Dei neste 12 åra var ho innestengd på tvangsarbeid i GULag (hovudleiren Vorkuta). Fyrst i 1948 lukkast det Leonhard å få henne frigjeven, ved hjelp av Wilhelm Pieck, seinare president i DDR.

I 1943 vart Leonhard medlem av Nasjonalkomitéen for eit fritt Tyskland. Då den Raude hæren hadde frigjort Tyskland i 1945, vart Leonhard sendt som medlem av den eine av desse ti-mannsgruppene, leida av Walter Ulbricht. Det var han som sa at maktovertakinga måtte «sjå ut» som eit demokratisk kampanje, «men vi må ha kontroll med alt».

I sine memoarar fortel Ralf Dahrendorf at far hans, eit gamalt medlem av SPD i aust, måtte reddast ut av britane i 1948 like før russarane tok han. Som SPD-medlem som ikkje ville samanslåst med kommunistane, var han i faresonen. Han hadde alt fått innkalling til «samtalar» då han dro.

 

 

ATTENDE TIL FORTIDA

Fyrst i 1987 kunne Leonhard vitja Sovjet-Unionen, då som medlem av delegasjonen til forbundspresident Richard v. Weisäcker. Då traff han også folk frå tida i aust, og han skreiv ei bok om reisa til fortida med bilete av husa og gjøymestadene dei hadde. Eit historisk-menneskjeleg dokument av klasse. No vart han m.a. aktiv i valovervaking i regi av OECCE, erklært som sosialdemokrat i SPD.

Det spørsmålet som likevel heng at er dette: Med ei mor som sat 12 år i fengsel, falsk åklaga som ‘fascist’, og med vener som forsvann i Stalins leire – korleis kunne han vente til etter krigen for å skjøna kva for umenneskeleg system han tente?

Wolfgang Leonhard ynskte seg ein menneskeleg sosialisme – og han skreiv om denne draumen i ein av sine siste bøker – men draumen vart aldri til noko. Livet til Leonhard er vitnesbyrdet om denne lange reisa fram til denne erkjenninga.

Men framifrå lærar, det var han.

 

Publisert i Dag og Tid