Med Frank i bassenget

Med Frank i bassenget

Gleda ved kunnskap var det han formidla, med humor og vidd. Han var studentglad og rotete, innfallsrik og perspektivfylt, usnobbet og nyfiken. Men missa aldri ein avtale! Det er ikkje sant at dei fann ein sykkel under papirhaugane då dei rydda kontoret til Frank Aarebrot.

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

 

Frank H. Arebrot 1947-2017

Ein folkedaningas mann par excellence er død. Det er ikkje til å unngå at desse minneorda vert personlege.
 
Eg traff Frank Aarebrot i september 1969 på Yale. Han kom som professor Stein Rokkans assistent, eg kom som Fulbright-stipendiat på statsvitskap. Det skulle bli eit gnistrande år med lange våkenetter på computer-senteret (eg skjøna fort at hullkortkjøyringar ikkje skulle bli min forskingsveg) – dertil omfangsrike lunsjar med internasjonale vener på Saybrook College. Og Rokkans kurs i stats-og nasjonsbygging. Nixon hadde nett vunne valet. Mykje å forstå. Ei stemning ikkje ulik kva vi ser no.
Vi heldt oss saman, vi utlendingar, med berre nokre få «token Americans». Frank og eg sjarmerte damene ved kassa i colleget slik at dei slapp oss inn gratis eit heilt år med ein blink i auget!
Eg er den einaste som tvang Frank til å symja. Alt i 1969 var eg redd for helsa hans. Men han vart så våt, klaga han.

 

Frank og Aristoteles

At Stein Rokkan og Frank kom tikl Yale det året, endra livet mitt. Eg skjøna at samanliknande perspektiv på statar, nasjonar og folkerørsler ga varige innsikter ut over augneblinken og utgjorde ein systematisk disiplin med røter attende til Aristoteles’ «Politikken». Statsvitskap som ‘arkitektonisk disiplin’ med innsikter om oppbygging av legitime institusjonar med historie som grunndisiplin. Hos den gamle grekaren lå satsplanken. Der las vi om samanhengen mellom styreformer –oligarki, aristokrati og demokrati – og klassetilhøve.
 
På Yale fylgde vi førelesningane med Rokkan og Juan Linz, der Linz tok oss med til valmønstrene i Weimar-republikken gate for gate (!) og Rokkan kasta seg ut i vidunderlege makro-historiske oversikt som lyfte blikket. Frank og eg sat på orkesterplass til Max Webers etterfylgjarar. Hui, kor det gjekk!
Frank sa det rett ein gong: Vi var svineheldige som fekk studere med slike folk!

 

Bakteriell yrkesskade

Som Rokkan-elev og førelesar tok Frank nett opp desse perspektiva. Kull på kull av studentar i samanliknande politikk og historie fekk ei innføring i europeisk politikk som nok har forma mange. Frank sa at han er den einaste statsvitar med ein yrkesskade: under valobservasjon i Romania fekk han ein bakterie som ikkje ga seg. Det kosta han foten og fekk han til å framstå som ein godsleg Kaptein Krok utan sverd.

 

Lasagne og amerikansk politikk

Frank etterlet seg eit hav av anekdotar, både folkeleg og akademisk krevjande som han var. Han var ei krysning av litteraturprofessor Francis Bull og historikaren A.J.P. Taylor.
Høgdepunktet i 1970 var nok vår ekspedisjon til Washington, DC. Der trefte vi høgsterettsdomar William O. Douglas som nett hadde utgjeve ei bok kor han tok til orde for opprør (!).
Midt i all ståheien møtte vi også senator J. William Fulbright som stutt tid etter skulle missa senatsplassen sin fordi han ikkje pleidde heimepublikumet sitt i Arkansas godt nok. Vi møtte også kongressmann C. W. Hays som meinte den fremste plikta hans var å svare på førespurnader frå husmødre i valdistriktet hans i Ohio om oppskrifter på lasagne. Han fell seinare etter å ha blitt teken i lyst med prostituerte. Akkja. Sic transit…
 
Frank var ikkje til å halda styr på med sine spørsmål og innspel. Etter å ha blitt trakassert for femtande gong av tiggarar på gata utbraut han oppgitt: «Eg kan ikkje sjølv erstatta vanten på eit sosialdemokratisk velferdssystem i dette landet!»

 

Kunnskap er gøy

Frank og eg var som statsvitskapens Knoll og Tott fleire gonger i Studentsamfunnet i Bergen. Vi hadde ein avtale no i november om frukost. Frank gjorde samfunnsfag til ei fantasieggjande verksemd med store tidsspenn, der Noreg vart sett på i europeisk overljos. Samanlikningar ga nye perspektiv.
Gløym ikkje at han var nederlandsk gift med sin Marian og tala språket flytande. Han hadde ein kombinatorisk intelligens og var rask som toget med å henta fram kunnskap frå alle krokar. Han elska dei finurlege brokkane. Ved sidan av val – han kunne med Rokkan seia at eg er interessert i val fordi der kjem ein på hald av dei store samanhangane i samfunnet – ved sidan av val var det partisystem som opptok han.
Han skreiv om partia i det demokratiske Aust-Europa ut frå Rokkans partisosiologi, og fylte ut på sett og vis ut læremeistarens verk. Rokkan var jo mest oppteken av dei opne systema der partia kunne konkurrere med sine programpakker.
 
Om Frank skulle døy, så var det stilriktig at det skulle skje no, berre dagar før eit val. Han hadde avlagt førehandsstemme frå sjukesenga.
Eg er viss på at han og Rokkan vil ha mange gode seminar i himmelen –om Rokkan slepp til…

PS. Dei som vil møte Frank som forskar kan t.d.lesa hans fine kapittel i Mitchell/Berg-Schlosser (red.), Conditions of Democracy in Europe 1919-39 (Macmillan, 2000): «Netherlands: Early Compromise and Democratic Stability», ss. 321-335. DS.
 
Bernt Hagtvet er professor ved UiO og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid der dette innlegget først stod på trykk.

Relaterte innlegg