George og Winston – den lagnadstunge felles kampen for fridom for individet

George og Winston – den lagnadstunge felles kampen for fridom for individet

Både Winston Churchill og George Orwell var millimeter frå døden i mellomkrigstida. Kva om dei begge hadde gått ut or soga då? Hadde dei noko til felles, den tuberkuløse, puritanske venstresosialisten som skrev seg inn i verdslitteraturen med «Animal Farm» og «Nineteen eightyfour», og den brummande aristokratiske imperialisten og nasjonsreddaren som aldri hadde teke ein buss? Kan ei jamføring gje oss ny innsikt?

 

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

 

Den 13. desember 1931 gjekk ein femtisju år gamal engelsk politikar ut or ein taxi på Femte Aveny i New York. Han så naturlegvis den rette vegen for ein engelskmann, det vil seia den gale vegen i USA. Difor vart han slege ned av bilen som kom i full fart på den rette-gale sida av vegen. Gjesten fekk brot på hjerneskallen og djupe skrubbsår.
Denne episoden skal visst ha vore bestemmande for Winston Churchills syn på velferdsstaten. For han gløymde aldri at det fyrste spørsmålet han fekk då han låg ynkande på sjukehuset, var om han hadde pengar til opphaldet.

 

KULA SOM NESTEN TOK ORWELL

Omkring seks år seinare, den 20.mai 1937, vakna George Orwell i det ukomfortable leiet sitt i skyttargrava på fronten i det nordaustlege Spania, ikkje langt frå Pyreneane. Han var ein høg kar. Og då han som kommanderande sersjant gjekk langs grava for å vekke troppane sine, teikna han ein skarp profil mot himmelvarden.
175 yards borte fekk ein skarpskyttar frå Franco-sida auge på han og sendte av garde ei 7 mm koppartekt kule.
Det var eit godt skot. Kula trengde inn i nakken til engelskmannen og unngjekk med få millimeters klaring å råka hovudpulsåra.
Slege til jorda som av eit lynnedslag, visste Orwell med ein gong at han vart treft. I klassikaren «Hommage to Catalonia» (1938) skriv han at han budde seg på å døy – han syntest det var ergerlig – for han hadde aldri høyrt om nokon som hadde overlevd eit slikt sår. Den ru stemmen som kjenneteikna Orwell resten av livet, kom av dette såret.

 

DEI TO WINSTON

Då Orwell drog til Jura på Hebridane like etter krigen for å skriva «1984», kalla han helten i historia, den forfølgde byråkraten i Sanningsministeriet, for Winston. Er det nokon samanheng her? Rett nok var både Orwell og Churchill krigskorrespondentar (Boarkrigen 1899-1901; borgarkrigen i Spania 1936-7).Og til dels levde dei både av å skriva. Men dette er overflatiske felles drag. Finst det noko djupare?

 

Bilde fra Generalstreiken i Storbritannia i 1926
Bilde fra Generalstreiken i Storbritannia i 1926

ARISTOKRATEN OG SOSIALISTEN

Det er temaet for Thomas E. Ricks i boka «Churchill og Orwell. The Fight for Freedom». Ved fyrste augnekast verkar ei slik samanlikning søkt.
Churchill var ein aristokrat som aldri – strengt teke – hadde møtt vanlege folk. Som kona Clementine sa det: hadde aldri teke ein buss.
Det er òg ofte oversett at Churchill til tider var hata av den engelske arbeidarklassa for rolla han spela då han sendte politi mot streikande i London aust under generalstreiken i 1926. Eit omdøme som kom attende for å forfylgje han og var sterkt medverkande til nederlaget ved valet i 1945. Og ryktet hans i India er sterkt flekka den dag i dag. Han vert heldt ansvarleg for hungerkatastrofen i Bengal på 1940-talet. Han greip ikkje inn. Det er flust med karakterstikkar av indarar, i sær Ghandi, som er sterkt rasistiske hjå Churchill.

 

 

«EI TANKEVEKJANDE BOK»

Men nett ved systematisk å samanlikna lagnaden til desse sentralpersonane i britisk historie kjem det fram spanande perspektiv.
Ved halvgått laup på 1900-tallet var det desse to som av ulike årsaker og av ulikt temperament kom til å stå i fronten mot fascisme og kommunisme, dei to fremste totalitære trugsmåla i samtida. Her ligg den store likskapen. Og her finn vi ein felles sympati. I 1953 las Churchill «1984» to gonger og sa: “A very remarkable book”.

 

ULIKE VEGAR I SYNET PÅ KOLONIALISME OG FRIDOM

Men medan Churchill kom til å stå rakt mot oppløysinga av «Hans Majestets samvelde», som han sa like før India reiv seg laus, vart Orwell den kompromisslause motstandaren til all britisk imperialisme. Her var det røynslene etter tenestetida som politimann i Burma som var avgjerande.
Den unge Orwell kom til å hata kolonialismen og kva dette engelske styringsverket gjorde, ikkje berre med undersåttane, men ikkje minst med kolonistane sjølve. Det er eit viktig poeng. Orwell er ikkje fri for dei mest nedsettande skildringar av burmesarane. Og det er teikn på at han var full av fordomar mot jødane. Altså: han var ikkje feilfri. «Alle heltar er å betrakte som skuldige inntil det motsette er prova», som han sa sjølv.
Dette stadfestar nett det som er Orwell si eiga tilnærming: kolonialismen gjer beist av dei fleste, også kolonisatorane sjølve.

 

TRUGSMÅLA MOT INDIVIDETS AUTONOMI

Då Storbritannia kom med i andre verdskrigen i 1939 uttala Churchill: «Dette er ein krig…for å grunnleggja på fast grunn einskildmenneskets rettar og ein krig for å re-etablere menneskeverdet».
Med ein annan stil sa Orwell det same: «Me lever i ein tidsalder der det autonome individet har slutta å eksistere».
Orwell kom til å definere mykje av idékampen under den femti-årige kalde krigen, eit uttrykk han var ein av dei fyrste til å bruka.
Både han og Churchill var usamd i Marx’ påminning om at det er dei som kontrollerer produksjonsmidla som også kontrollerer samfunnet. Dei var heller ikkje freudianarar i tydinga oppteken av å forstå korleis den menneskelege psyken dreiv oss. Dei var både meir innstilt på å skjøna den altomfattande utfordringa som ligg i aukande statleg kontroll med einskildmennesket – og i sær tankelivet vårt, identiteten og sjølvstendet vårt. Framfor alt dei nye meir djuptgripande undertrykkingsformene som kom frå dei aggressive diktatura, Hitler og Stalin.
Men i «1984» peiker Orwell på at også demokratia kunne bli råka av dette forfallet. Nemninga «Ingsoc» i romanen er ikkje meint som eit åtak på britisk sosialisme. Det er ei åtvaring mot at maktperversjonar kan kome også i våre eigne land.

 

IKKJE FØ KROKODILLANE!

Orwell såg klarare enn Churchill kva for mentale grep moderne diktatorar tek for å underlegge seg undersåttane. Churchill var den britiske politikaren som mest iherdig åtvara mot Hitler og alt hans vesen. Her fekk han Orwells ovundring. Å freista stetta Hitler var som å gje krokodillar kjøtstykke på kjøtstykke i vona om at krokodilla åt deg til sist, sa Churchill.
Denne kampen mot «appeasement» fekk til følgje at Churchill kom nær Orwells forakt for den britiske overklassa. Denne avskyen for overklassa førte på den andre sida til at Orwell fekk sympati for Churchill: England «er eit land av snobbisme og privilegiar», skreiv Orwell,» styrt for det meste av gamle og gale («silly»)».
Men han gjorde eit unntak for Churchill: «Inntil Churchills regjering stogga prosessen har («den styrande klassa») gjort det gale med feilfritt instinkt heile tida sidan 1931».

 

\\\ARVEN FRÅ SPANIA

Det var i Spania Orwell lærte at kommunismen var kontra-revolusjonær og livsfarleg. Det skjedde det hard way. I Barcelonas gater i 1937 vart han ein kritikar frå venstre av det offisielle venstre, som kommunismen og mykje av Labours politikk. Han vart ettersøkt av kommunistpartiet i Katalonia og slapp så vidt unna. Vel heime i England vart han stilt in absentia for ein domstol klaga for ‘fascisme’.
Det einaste brotsverket hans var å tenestegjøre i ein trotskistisk-anarkistisk bataljon, POUM. Men det ville ikkje Stalin ha noko av. Stalin dreiv sovjetisk innanrikspolitikk og Trotskij-forfylging i Spania og skipa til ein borgarkrig innafor borgarkrigen. Ei heilt skjelsettande røynsle.\\\

 

MOT TYRANNI I ALLE FORMER

Orwell var energisk mot alle former for undertrykking uansett kor dei kom frå. «Du kan ikkje vere anti-fascist utan å vere anti-totalitær», som han sa det. Her var nok ein djup likskap med den britiske statsministeren.
Churchill var den einaste toryen Orwell ovundra. Han noterte i eit essay om H.G.Wells at Churchill hadde forstått bolsjevismen betre enn Wells.
Her ser vi starten på den djupe mistanken Orwell hadde mot venstreintellektuelle medlauparar som sjølv aldri hadde kjent stalinistisk terror på kroppen og hadde lagt seg til kvile i eit romantisk syn på Sovjet.
Orwell sette pris på Churchills realisme her. Etter åtaket på Sovjet sa Churchill at han gjerne kunne alliere seg med djevelen bare han kunne slå Hitler.

 

KLASSEMEDVIT OG ARISTOKRATIFORAKT

Her var han på line med Orwell som såg klart at Churchills prosa var tjenlig. «Churchills språkkunst er verkeleg god, på ein gamaldags måte, sjølv om eg ikkje likar måten han framførar talen på», skreiv han i dagboka 28.april 1941.
For dei andre konservative hadde Orwell berre forakt. «Med unntak av Churchill er heile det britiske aristokratiet botnlaust korrupt og manglar den mest grunnleggande patriotisme», skreiv han.
Orwell undra seg sjølv over kor høgt han sette Churchilll. «Det er symptomatisk at då ulykka kom, var Churchill mannen som best var i stand til å redda nasjonen, ein konservativ med aristokratiske anar».
Både Orwell og Churchill hadde altså det til felles at dei såg med aukande mistru på eigen klasse. Orwell skreiv spottande om »armchair» sosialistar som aldri hadde treft arbeidarar og som anten var helsefanatikarar eller gjekk med sandalar (!) og drakk appelsin-juice. Eksentrikarar.
Churchill fekk mindre og mindre til overs for det aristokratiske elementet i hæren og i flyvåpenet (RAF) og tilgav aldri dei som var «soft on Hitler».

 

REVOLUSJON OG ATTERREISING

Både Orwell og Churchill kjente krigen som ei vitamininnsprøyting. Både så klasseimplikasjonar av krigen. Den store skilnaden, sjølvsagt, er at Orwell hele tida var på utkikk etter teikn på revolusjonære stemningar i folket. Krigen måtte føre til djupe sosiale endringar, meinte han, for det var under- og mellomklassa som hadde bore dei tyngste påkjenningane. («Wipe out all the class privileges», som det heiter hjå han.) Ladyen i Rolls Roycen «er eit større trugsmål for moralen enn ei flåte av Görings bombefly». Churchill greip direkte inn for å gjera opptakskriteria til hær og marine meir demokratiske.
\\\Overklassas Tysklandssympatiar vart òg påtala av general George Marshall som frykta at britisk defaitisme skulle føre til at amerikanske soldatar som kom i tusenvis til England, skulle falle i ei felle etter eit tap.
Churchill la mykje energi i arbeidet med å overtyda amerikanarane om at britiske arbeidarar ikkje ville tolerere eit slikt svik frå «the governing class». Han sa også at den lågare middelklassa «hadde redda dette landet; dei har rette til å styra det».\\\

 

THATCHER ARVTAKAREN TIL CHURCHILL

På sett og vis kan ein seia at Margaret Thatcher er den rette arvtakar til Churchill. Ho var dotter av ein kjøpmann i en forstad og slutta skulen i ein alder av tretten år. Ho bar alltid ein krageknapp med Churchills silhuett på kjolen.
Så er det den andre sida av Churchill. Stutt tid etter krigen kunne Churchill legge av seg borgfredstaktikken frå koalisjonsregjeringa. Då synte han seg som ein gamaldags reaksjonær. Ein gong gjorde han ei samanlikning mellom Labour og Gestapo og tapte etter alt å døme valdsamt på det. Han skjøna ikkje etterkrigspolitikken.
Målet til Orwell etter røynslene med propaganda, diktatur og all lygna var å skriva «the facts as I saw them» og «facing unpleasant facts». Og å leve etter devise «om fridom skal ha nokon meining, så må det vera retten til å seia til folk det dei ikkje likar å høyra».
I dette hadde han Churchill med seg.

 

Thomas E. Ricks,
Churchill & Orwell. The Fight for Freedom
(New York: Penguin Press 2017, 326 s.)