Klassehat og maktvakum

Klassehat og maktvakum

Morten Jentoft har gjeve oss eit skarpt blikk inn i Finlands nasjonale tragedie. Etter borgarkrigen i 1918 lå 37 000 menneske att. Boka er blitt eit framifrå djupdykk med nye kjelder og uhyggelege fotografi som gjer ei rå historieforteljing levande.

 

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

Finland er det store unntaket i nordisk historie. Storhertugdømet Finland var først i Europa med ållmenn stemmerett (1906). Tsar Nikolaj II vona å demme opp for revolusjonen. Folkeoppstanden i St. Petersburg i 1905 hadde nett truga det autokratiske styret hans.

 

Det splitta landet

Men det er fleire unntak her. Finland var djupare splitta sosialt, økonomisk og kulturelt enn dei nordiske naboane. Uoverstigelege klasseskiljer i industri; jordlause småbønder vs. jordeigarar; bitre sosio-kulturelle språkkonfliktar mellom svensk og finsk, pluss den sårbare geo-politiske plasseringa mellom tre imperiemakter, Sverige, Russland og Tyskland; økonomisk depresjon og nasjonal reising – alt dette er element for å forstå tragedien som ramma landet frå januar til mai 1918.

 

Parlamentarisk blokkering

Den store grunnlovsreforma i 1906 var paradoksalt medverkande til borgarkrigen. Sosialdemokratane fekk 80 plassar i nasjonalforsamlinga, i 1916 fleirtalet.
Men sidan Finland ikkje var eit parlamentarisk demokrati men underlagt tsaren – der samansetninga av regjeringa ikkje fylgjde fleirtalet i folkerepresentasjonen – kom sosialistane ingen veg.
Sosialistane møtte massiv motstand frå dei borgarlege når dei freista løysa det brennbare sosiale problemet med dei jordlause.

 

Ljoset frå oktoberrevolusjonen

Denne avmakta gjorde sosialistane vonbrotne og la grunnen til sterke anti-parlamentariske straumdrag. Legg så til gløden frå Lenins statskupp i 1917 og det faktum at dei finske borgarlege ikkje hadde eigen valdsmakt – hæren lå under Russland – så er det lettare å skjøna at dei raude så på dette maktvakuumet som ein historisk sjanse.

 

Nasjonalismen

Det uforsonlege draget ved striden vart ytterligare forsterka ved at dei raude vart sett på som Russlands leiesveinar. For dei kvite dreidde kampane seg difor også om landets sjølvstende.
Gløym heller ikkje at det stod mange russiske soldatar i landet. Dei rekna sosialistane med ville stø ein oppstand. Klassehatet flamma, makta i parlamentet synte seg kraftlaust for dei raude. Til liks med det som skjedde i Spania hausten 1936, gjorde dei raude seg skuldig i mange valdsudådar i starten. Det ga dei kvite påskot til massiv hemn – valdsspiralen vart eit faktum.

 

Nordmenn som augevitne

Dette er nokre av dei bakanforliggjande årsakene til borgarkrigen. Jentoft gjer denne historia levande ved å følgja nordmenn som melde seg til teneste for Finland. Noreg sendte to ambulansar (som dei også gjorde i den spanske borgarkrigen).

 

«Borgerkrigens gru»

Ein kald marsdag i 1918 tok den norske legen Harald Natvig med seg kameraet sitt ut i den vesle bygda Länkipohja. Mange raude var tekne til fange i kampane om industribyen Tammerfors, som vart totalt øydelagt. Mange av fangane var som born å rekne, ned til 15-16 års alderen.
Der vart Natvig vitne til ei regelrett avretting av fangar. Vi ser ein kvit offiser som går kring dei daudande og gjev dei nådeskotet medan frostrøyken enno står ut av munnviken.
«Borgerkrigens gru» satte Natvig som tittel på bileta sine som er attgjeve i boka.

 

Drap på kvinner

Omkring 300 raude vart skotne etter at dei hadde kapitulert i Tammerfors. Samla 2000 raude fell i kampene, 700 kvite. Etter krigen meiner Jentoft at 80 000 vart plasserte i leire. 13 500 kom aldri levande ut.
Eg har sett lågare tal, men det er karakteristisk for borgarkriger at ein kan aldri vite.
Omkring 400 kvinner på den raude sida vart avretta. Den seinare presidenten Uhro Kekkonen var med i eksekusjonspelotongar.

 

Umenneskeleggjering

Drap på fangar vart mønsteret i krigen, nett som i Spania to tiår seinare. Motstandaren vart definert som forbrytarar utan nokre rettar ut frå krigens lov. Hemn vart einerådande, motstandarane ikkje-menneske.
Natvig var saman med den seinare Gyldendal-direktøren, 24 årige Harald Grieg ,som sende heim reportasjar med brei dokumentasjon til Tidens Tegn. Jentoft rakk og å samtale med den 87 år gamle Lars Roine som var med som 18-åring i 1918.

 

Skuggen

Denne blandinga av arkiv, bilete og augenvitneskildringar gjer denne boka til ein page turner. Dette er historisk journalistikk på det beste, kjeldebelagt og grunna på djupe arkivstudiar. Biletmaterialet er eineståande.
Krigen la ein skugge over tilhøvet til Noreg. På venstresida var Mannerheim aldri noko anna enn «Slaktaren». Samarbeidet som Finland hadde med Nazi-Tyskland kasta seinare nok ein skugge over tilhøvet.
Enda ein gong får denne boka oss til å spørja: Korleis kunne den finske nasjonen få samla seg til kamp i 1939 etter dette ulivsåret?
Jentoft har ytt eit fint bidrag til 100-årsmarkeringa av Finlands sjølvstende. Eit samansett land vi diverre kan for lite om.

 

Kilde:
Morten Jentoft,
Finland 1918. Den finske borgerkrigen og nordmennene som var vitne til den.
Oslo: Gyldendal 2018, 287 s.

Bernt Hagtvet er prof. i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Relaterte innlegg