Kvit slaktar og nasjonal redningsmann 

Kvit slaktar og nasjonal redningsmann 

Finland feirar 100 år som sjølvstendig stat i haust. 6. desember er dagen - og attersyna er mange. Ein god inngang til soga til dette fascinerande nabofolket som me veit så lite om, er å sjå Finlands kamp for sjølvstende gjennom ein mann: marskalken av Finland, Gustaf Mannerheim.

Carl Gustaf Emil Mannerheim

 

 

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

Feltmarkskalk av Finland, Carl Gustaf Emil Mannerheim (1867-1951), var tsaristisk, svensktalande offiser som talte dårleg finsk. Ein 187 cm høg friherre, meir enn 20 cm høgare enn gjennomsnittsfinnen. Fem krigar utkjempa han. Den siste i våpensamband med Hitler frå 1941 til 44.
Aristokratisk hesteelskar og monarkist. Ein samansett person på ytste høgre fløy – og kjærleiken fann han fyrst i høg alder. Fosterlandet redda han tre gonger.
Mannerheim er med alle sine motsetnadsfylte fasettar eit prisme for finsk 1900-tallshistorie. Han ville at det alltid skulle stå  friske markblomar på middagsbordet.

Ikkje mange finner har vore meir hata og ovundra enn nett han. I lagnadsfylte tidsrom alltid å finna i spissen for dei væpna styrkane, eller i framskotne posisjonar politisk på den nasjonale ytterkanten. Han var både riksforstandar (sju månader i 1919 ) og president (1944-46). Hata for hemnvalden mot dei raude under borgarkrigen våren 1918  (8000 skotne etter sigeren, meir enn 12 000 svolta til døde i fangeleirar etterpå). Hylla til himmels som nasjonal redningsmann under Vinterkrigen 1939-40 då Stalin kasta hundretusen soldatar mot det vesle landet ( 26 000 drepne finner av eit folk på litt over tre millionar; heile 260 000 drepne russiske soldatar). Eit ulivssår.

 

Ein finsk De Gaulle

 

Kan hende var han enda meir avgjerande i Framhaldskrigen 1941-44 då han fekk vikla Finland ut or den pragmatiske våpenbrorskapen med Nazi-Tyskland og slutta fred – ein hard fred – med Stalin. Då miste Finland 10% av territoriet sitt.

I 1919 skulle han vitja Christiania, men norsk arbeidarrørsle truga med demonstrasjonar. Mannerheim fant det tryggast å halde seg heime.

Så kven var han?

Mannerheim kom til verda i ein adeleg familie i hungeråret 1867 i Villnäs slott  30 kilometer vest frå Åbo. Svoltkatastrofen det året var fælsleg, tiggarskarar drog langs vegane og tok med seg tyfus. Over hundre tusen finnar omkom det året.

Han kom til verda då kavaleriet framleis utgjorde hovudtynga i arméane, og han vart sjølv sendt ut på verdsmarknaden som ung offiser for å kjøpe hestar til tsarhæren. Marskalken gjekk ut or tida då Finland  var fastfrossen i kald krig og tungt forankra på grunn av atomvåpna i den vestlege maktsfæren  – med fosterlandet ubehageleg kloss opp til Sovjet-kjempa.

‘Finlandisering’ var spottordet for Finlands innanrikspolitikk då. Men dei som seier slikt gløymer at Stalin hadde tiltenkt Finland status som sovjet-republikk, etter baltisk mønster. Mannerheim var ein av orsakene til at Finland heldt seg sjølvstendig. Difor: ein lagnadsperson i finsk soge på godt og vondt.  Ein finsk de Gaulle, berre meir aristokratisk, og nok lengre ut i til høgrekanten enn Sir Winston. Men like fascinerande.

 

Kva skal det bli med Carl Gustaf

 

Men han starta dårleg. Fekk refs for disiplinbrot i den russiske kadettskulen han kom inn ved. Karrieren heldt på å  stogga der. Kva skal det bli av Gustaf, spurte mora, Héléne Mannheim, fødd Julin.

Heile livet tala sonen russisk betre enn finsk, med fransk som andrespråket, etter morsmålet svensk. Menyane i heimen hans i Brunnsparken i Helsingfors var alltid på fransk. Sjølv omtala han seg aldri som finlandsvensk, berre som ein finne som tala svensk. Han greidde seg bra på seks språk.

 

Russisk faneeid og russisk-japansk krig

 

  1. september 1887 svor Mannerheim fane-eiden i den keisarlege russiske arméen. Han skulle ta til på kavaleriskulen med tanke på å bli kadett i Chevalerigarden, ein eliteformasjon som heldt vakt ved store keisarlede høgtidar.

Fyrste delen av den militære karrieren hans kom til å vere i Russland, til han i 1918, etter Oktoberkuppet i Petrograd, vart avskjeda av bolsveikane og vende heim for å redde fosterlandet frå revolusjonen. Før det hadde han fått elddopen og kjempa tappert ved Mukden i den japansk-russiske krigen 1904-5 (som russerane trudde skulle bli ein banal parademarsj mot eit underlegent asiatisk folk). Der stod han i fyrste line; kulene liksom ikkje beit på han. Men tolv gonger i livet brakk han beinet – fall frå hest.

Det som elles plaga ham mest var blødane magesår. På grunn av stresset? Nok det. Men i den feilfrie heimen hans i Helsingfors, der han søv på ein enkelt feltseng av omsyn til reumatismen – der skulle det alltid stå friske markblomar på bordet.

 

Russisk offiser i Polen og gryande finlandsbegeistring

 

Men nett denne relasjonen til tsarane gjorde også tenestetida hans i Russland til eit mangetydig spel. Under fyrste verdskrigen t.d. var han som russisk offiser stasjonert i Galizia i Polen, som då låg under Russland. Tsardømet gjekk sunder under føtene hans i kaos og revolusjon. Men han skjøna polakkane og ville ikkje skyta på folk som kjempa for sin eigen fridom frå Russland.

Tida i Polen, frå 1909 til 1914, såg han på sjølv som den lukkelegaste i livet. Der fekk han sannsynlegvis óg ei dotter med den gifte fyrstelege Maria Lubomirska. Mannerheim let ikkje sjansen gå frå seg til  kvinnelege bekjentskap. Ein ryggskade gjorde at han gjekk stramt og høgt. Det hjelpte på.

Det var i Polen Mannerheim byrja tenke som ein finne: Russland ville alltid vere der, men Finland måtte bli sjølvstendig. Gradvis sprengte den politiske ambivalensen seg fram i han. Oppglødd vart han finsk nasjonalist.

Hausten 1917 såg han at kampen no ville stå om kven som styre Finland. Borgarkrigen stod for døra. Der skulle Mannerheim bli utslagsgjevande. Han trampa ein kvit armé så å seia opp frå inkje og slo dei raude ned i fleire blodige slag. Det om  Tammerfors var det verste (700 mann stupa på den kvite sidan, 2000 på den raude). Etter krigen satt 80 000 raude i fangeleire. Dei som  tapte slo seg ned i Sovjet og bygde opp det finske kommunistpartiet. Dei fleste der fekk ein krank lagnad; dei bukka under i Stalins GULag-leire, offer for diktatorens paranoide sinnelag.

 

Imperial verdssyn

 

Tida i Russland hadde gjeve Mannerheim eit imperialt verdsblikk. Det gjorde han til ein betre strateg enn mange av sine samtidige. Han såg Finland innafor ei europeisk ramme, trengt saman som landet var mellom tre imperiemaktar, Sverige, Russland og Tyskland. I sær måtte landet måtte få eit ordna tilhøve til den austlege naboen.

Men det mått vera eit ‘normalt’ Russland, ikkje eit bolsjevikisk. Heile livet var han sterkt anti-kommunististisk (men nekta å vera med på beleiringa av Leningrad i andre verdskrigen).

I  1919 kom han med mange framlegg til kvite offiserar å gå mot Petrograd. Han meinte at kutta ein hovudet av slangen ville kroppen døy. Dette felttoget vart det ingenting av.

 

Finske krigar måtte bli finske

 

Mannerheim meinte at finske krigar måtte bli førte av finnar sjølv. Han held difor ein kritisk distanse til Tyskland og vart rasande då eit tysk ekspedisjonskorps under borgarkrigen våren 1918 tok mykje av æra for å ha nedkjempa dei raude ( 13 000 kom, og dei marsjerte fyrst inn som sigrarar i Helsingfors, månaden etter kom Mannerheims eigne troppar).

Andsynes nazismen heldt Mannerheim ideologisk også ein kritisk distanse; han meinte nazismen var brutal og primitiv. Men samarbeide kunne han, realpolitikar som han var. Då Mannerheim fylte 75 år i 1942, kom Hitler overraskande på bursdagsvitjing. Føraren var i perlehumør og fekk si vegetarmat. Men då tyskarane sa at Hitler ikkje tålte røyk i salongen, svarte feltmarskalken stutt: Det er det eg avgjer!

Og slik vart det. Hitler vart sitjande i ein eim av sigarrøyk etter måltidet (gode sigarar, rett nok). Finnane lova då at dei ikkje skulle gå inn i allianse mot fiendar til Nazi-Tyskland. Det vara ikkje lenge.

 

Kald hand frå Sverige men nærare med Tyskland

 

Gong på gong søkte Mannerheim svensk hjelp, under borgarkrigen, under Vinterkrigen, under Framhaldskrigen. Men nei. Sverige ville ikkje sende troppar, men let friviljuge koma og sendte våpen og andre forsyningar.

Vi veit no at Mannerheim var særs aktiv  for å få tysk hjelp i Framhaldskrigen frå 1941. Målet var å få attende finsk land og samstundes gjere slutt på bolsjevismen. Alt i desember 1940, medan den tysk-russiske ikkje-åtakspakta enno stod ved lag, byrja forhandlingane med Göring om eit tysk-finsk våpenbrorskap. Få dagar før Operation Barbarossa 21.juni 1941 lot Mannerheim det bli kjent at han helst såg at finsk deltaking i krigen vart utskutt nokre dagar – for å gje folket og Riksdagen det innrykk at landet var tvungen inn i alliansen med Hitler. Men Mannerheim var altså særs aktiv bak kulissene.

 

Den ambivalente allianse

 

Dette våpenbrorskapet heldt seg til hausten 1944. Ein kan kanskje seie at toppunktet i Mannerheims karriere som finsk øvstkommanderande kom då han fekk vikla lande ut or famntaket til Hitler. Machiavelli, den slu florentinareren, ville ha applaudert.

Den militærstrategiske situasjonen seinsumaren 1944 var då at alle såg at Stalin ville kome sigrande ut or titanenes kamp. Åtaket frå Japan på Pearl Harbor den 7.desember 1941 letta trykket på Stalins austflanke. Stalin kunne flytta 20 divisjonar mot vest, til kamp m.a. mot Finland som stod langt inne på russisk område då.

No måtte Finland slutta fred med Sovjet – men ikkje for brått slik at Hitlers 214 000 friske soldatar i Nord-Finland, kunne slå til á la Italia og hærsette landet og gjere det til valplass for framrykkande sovjet-soldatar. Men heller  ikkje for seint slik at Stalin kunne seia at han ville slo to fluger i ein smekk: slå Nazi-Tyskland og den finske «fascismen» som han kalla Mannerheim, i eit gigantisk slag. Finland ville då gå med i ragnarokk-tapet og bli som Estland.

 

Mennarheims geniale taktikk

 

Det var president Risto Ryti som hadde kome med lovnaden om ikkje å gå  inn i alliansar mot Hitler. Mannerheim var nett utnemnd til Finlands president, og  17. august 1944 kunngjorde han til generalstabssjef Wilhelm Keitel at han ikkje kjende seg bunden til forgjengarens lovnader om  ikkje å slutte separatfred med russerane. Hitler skal ha sagt då: Mannerheim er ein god soldat men ein ussel politikar.

Men det redda Finland. Det kom til harde kampar nord i landet mellom Lapplandsarmeen og finske troppar. General Rendulic ga ordre om den brende jordas taktikk, og Rovaniemi vart 90%  lagt i grus. Men landet vart ikkje okkupert av nokon.

 

Den skanselslause freden

 

Då Molotov presenterte dei harde fredsvilkåra sa han at traktaten måtte underskrivast før kl. 12 den 19. september 1944. «Om ikkje okkuperer vi heile landet.»

I Framhaldskrigen hadde Finland mist 63 200 drepne soldatar og 158 000 såra, medan 256 000 sovjetiske stridande døydde og 600 000 vart såra. Nok ein gong var Vyborg og Karelen på russiske hender.

Mannerheim fekk tilbod om kvileheim på Krim, men tok inga sjanse og dro til Portuals sol for si reumatisme. I 1948 sa Stalin: «Eg lyfter glaset mitt for Finlands armé og deira herverande represenantar». Ved same høve i Kreml sa han at Finkand stod i stor takksamskuld til Mannerheim. Det var hans forteneste at ikkje Finland vart hærteken. Sa Stalin. Han visste.

Og heie i Bunnsvikvillaen sørga husholdersken for at det alltid stod friske sumarblomster på bordet.

I Paris opplevde Mannerheim den siste store kjærleiken. Men det er ei annan historie.

 

 

Kilde:

Herman Lindqvist, Mannerheim.

Marsken, Masken, Myten.

Stockholm: Bonniers 2017, 503 s.