Léon Blum og «Den magiske parentesen» i fransk historie

Åtti år er gått sidan det stutte lagnadsåret for ‘la gauche’ i gallernes land: Folkefrontregjeringa i Frankrike 1936-37. Ho oppstod på ein anti-fascistisk bylgje og var berre mogleg fordi Stalin slutta å brennemerke sosialdemokratane som ‘sosialfascistar’. Dette viktige omskiftet skjedde 31. mai 1934. Då trykte kommunistpartiets organ «L’humanité» ein artikkel frå Pravda der det heitte at «det var eit brotsverk mot arbeidarklassa å motarbeide ein felles front». Endeleg hadde Stalin skjøna trugsmålet frå Hitler. Frå høgre kom svaret: «Betre med Hitler enn Blum».

Av Bernt Hagtvet

Léon Blum
Léon Blum

Det vart eit år i ein kvirvelvind av reformar – 40 timars veke; betalt ferie for fyrste gong (i Noreg sidan 1910); varsame nasjonaliseringar av bankane og delar av industrien. Dei braut ned makta til dei «200 familiane» . Og ikkje minst Matignon-avtalen, den franske parallellen til den norske Hovudavtalen av 1935. Desse avtalane kom etter massive streikar i mai-juni 1936 (2000 000 i tog 1. mai) og skapte eit meir samarbeidsorientert miljø mellom arbeid og kapital.

Folkefrontregjeringa endra Frankrike frå botn av. Og dette berre i løpet av eitt år.

Den spanske tragedien og den franske reformvåren

Lat oss setja den franske folkefrontregjeringa inn i eit breiare perspektiv. Denne sumaren har vi markert åttiårs-merket for to ytst konsekvensrike regjeringsdanningar i nabostatane Spania og Frankrike: folkefrontregjeringane til sosialistleiarane Largo Caballero og Léon Blum.

I Spania vart folkefrontregjeringa, som kom til makta i februar 1936, berre eit kortvarig intermezzo før Franco slapp laus borgarkrigen 17. juli. I Frankrike sat Blum frå 6. juni 1936 til 21. juni 1937, men etterlet seg ei rad med grunnleggjande reformer og sette opp ei mektig bom for den franske fascismen.

Å sjå denne lagnadstunge sumaren i samanlikning, gjev interessante innblikk i dei ulike historiske vilkåra for radikal reformpolitikk i europeisk mellomkrigstid. Ja, meir enn det: Reformoffensiven til Blum er blitt retningsgivande for den franske venstresidas reformpolitikk sidan og kan difor seiast å ha aktuell  interesse.

Sekundar fra fascistkupp

Spania fekk borgarkrigen; Frankrike var aldri nær noko slikt. Der var faren meir eit fascistisk kupp. 7. februar 1934 demonstrerte titusen av veteranar frå fyrste verdskrigen saman med milits frå det ytste høgre, Croix-de-Feu. Dei marsjerte til nasjonalforsamlinga. Ingen stogga dei; døra var open, men dei gjekk ikkje inn, uvisst av kva for orsak. Hadde massane gjort det, ville regjeringa ha kunne falle og Frankrike fylgd Italia og Tyskland og blitt forvandla til om ikkje eit fascistdiktatur, så i alle fall eit korporativt-autoritært anti-parlamentarisk regime. Men femten daude lå att og tusen såra. Det var ein pre-revolusjonær situasjon.

Venstresamling

Svaret frå venstre kom berre etter nokre dagar. 12. februar defilerte to massive kollonnar av arbeidarar med Champs-Élysees. Opp kom ropet Unite! Unite! Frå dei marsjerande sosialistane og kommunistane kom kravet om folkefront mot den brune faren. 27. juli 1934 kom samarbeidsavtalen i stand mellom SFIO (sosialistane) og PCF kommunistane). I april og mai 1936 vann «la gauche» med 57% av stemmene. Noko av det fyrste Blumregjeringa gjorde var å forby militsar.

No fekk venstresida, i koalisjon med det sosial-radikale partiet, si store sjanse. Kva rolle kommunistane ville ta, vart det kritiske punktet. Dei valde ikkje å gå inn i regjeringa men stø henne i parlamentet. Altså: Makt utan ansvar.

Noko liknande hende i Spania. Det margstal koalisjonen til hjartet. Kommunistane spela på å vera dels inne, i parlamentet, dels ute: tapa var dei andre sitt ansvar, sigrane deira eigne. Makt utan ansvar.

Det som endte koalisjonen var Blums naudtvungne devaluering av francen i september 1936. Den reiv opp det sosiale grunnlaget for koalisjonen. Småhandlarar, bønder, funksjonærar, dei uavhengige profesjonane  – alle dreiv dei i retning til dei sosialradikale, bort frå SFIO. Dei franske fascistane reorganiserte og fekk eit nytt parti, PPF, starta av den tidlegare marxisten Jacques Doriot.

Koalisjonen raknar

I april-mai i1937 tapa Blum fleirtalet i nasjonalforsamlinga. Han bad om ekstraordinære fullmaktar for å klara økonomien. Dei måtte godkjennast av Senatet. Der fekk han ikkje fleirtal, og tru mot legalitetsprinsippet valte han å demisjonere.

Alt desember 1936 røysta kommunistane mot utanrikspolitikken hans – dei ville ha sterkare stønad til den spanske republikken. Men Blum kunne ikkje bryte den vestlege ikkje-intervensjonspolitikken og avtalen med Storbritannia. Han innsåg at Frankrike var avhengig av Storbritannia for å møta trugsmålet frå Hitler. Difor heldt han ei passiv line offisielt, men vann fagnad for å halde Frankrike oppe for flyktningar og for å stø den spanske republikken hemmeleg.

Depresjon og anti-fascistisk mobilisering

Vi kan ikkje skjøna Folkefrontregjeringa utan eit blikk inn i den franske samfunnsformasjonen i åra før. Frankrike hadde 42 millionar innbyggjarar i byrjinga på 1930-åra, nesten det same som i år 1900. Landet hadde mist 3 millionar i fyrste verdskrigen, og så seint som i 1935 oversteig talet på døde dei nyfødde.

Trugsmålet frå Tyskland er den grunnleggjande aksen i fransk politikk i denne tida, saman med befolkningsspørsmålet. I fransk fascisme florerte skuldingane om dekadense og nasjonal veikskap fordi landet ikkje hadde høgare fødselstal. Flukta frå  landsbygda opptok også det konservative Frankrike – 130 000 bønder forlet gardane sine kvart å på trettitalet.

Teknologisk var landet inne i si andre industrielle revolusjon, med sterk vekst i den kjemiske, metallurgiske og mekaniske industrien (ikkje minst produksjonen av fly). Sjølv om småindustrien framleis dominerte, var trenden i retning konsentrasjon openberr. Gradvis vaks det fram ei arbeidarklasse som var yngre, med sterkt tilsig av kvinner, mindre organisert enn før og underlagt skarpe arbeidsreglement (taylorisme). Arbeidsløysa var det store problemet: 500 000 i 1935 (600 000 i Tyskland), men sannsynlegvis nærare 1 million.

Inga borgarkrigsangst i Frankrike

Kvifor var ikkje borgarkrig noko tema i Frankrike, enda dei sosiale skiljelinene var (nesten) like skarpe som i Spania?

Utanrikspolitisk var det store skilnadar. Spania var ikkje med i fyrste verdskrigen og hadde ikkje traumar etter det. Frankrike hadde ein sekulær republikansk tradisjon – der ligg den fremste skilnaden. Dette farga heile den politiske kulturen. Staten var sentralisert, inga freistnader på å skilja ut regionar eit heitt tema i Spoania (Katalonia). Staten var skild frå kirka i 1905 (landet var dessutan konfesjonelt delt.) Kirka var ikkje så maktfull og reaksjonær som  den spanske. Offiserskorpset kunne vera kritisk til styresmaktene og ofte anti-republikansk (svært synleg i 1940), men noko kupp ville dei ikkje vere med på. Landarbeidarspørsmålet var til stades i Frankrike men ikkje så akutt som i Spania. Den franske borgarskapen hadde til dels radikale røter.

Ikkje minst spela «l’homme providentiel» («mannen sendt av Forsynet, eit lukketreff») Léon Blum ei viktig rolle i arbeidet med å  skape forsoning ,ikkje forbitring mellom klassene. Etter han er det mange brev og helsingar frå jamne folk som takkar han for det sosialreformatoriske arbeidet regjeringa hans dreiv.

Takk for ferien, monsieur Blum

Mannen som stod i stormens auge denne sumaren var altså sosialistleiaren, litteraten, juristen, jøden og dyndyen Léon Blum (1872-1950), ein av dei mest interessante figurane i fransk 1900-tallssoge, no ufortent halvgløymt. Han var den mest hata mannen i Frankrike, gjenstand for tallause anti-semittiske ukvemsord, nesten lynsja i bilen sin av fascistiske bøllar den 13. februar 1936 det utløyste massive mot-demonstrasjonar dagane etter.

Blum var statsminister tre gonger (1937-7) og ein stutt periode etter krigen.

Blum, lynkvass i hovudet, skreiv eit filosofisk essay i syttenårsalderen på Lycée Henri IV som fekk lærarene til å seia: «Om dette er skriven av ein ungdom, er han eit monster». Men venen André Gide var meir nådelaus: « Blum? For mykje intelligens, for lite karakter…»

Han gjekk som ein meteor gjennom den franske eliteskulen ENS og kan seiast å ha hatt tre karrierar: litteratur-og teaterkritikar (og aktiv i arbeidet med å frikjenne Alfred Dreyfus); jurist (forfattar av viktige arbeider om innhegning av statsmakta) og politikar (parlamentsmedlem frå 1919 og sentral i daninga av SFIO, det franske sosialdemokratiet, etter at kommunistpartiet (PCF) vant striden om å knyte fransk sosialisme til Moskva.

Fransk sosialisme er humanistisk

I 1920, på den vidgjetne kongressen i Tours der haldninga til bolsjevisme var det store spørsmålet, heldt Blum sitt livs store tale. Der argumenterte han tungt  for at fransk sosialisme måtte vere trufast mot arven frå den humanistiske sosialisten Jean Jaurés (myrda i 1914) og bygga ut demokratiet og rettsstaten. Blum dana minoritetspartiet SFIO og brukte heile livet på å halde distanse til bolsjevismen. Han ville ikkje at PCF skulle ko-optere arven frå den store franske revolusjonen og skilte mellom «å ha makt» (fleirtalet som ville gjere det mogleg å innføre sosialismen) og å «utøve makt», som det han gjorde i 1936-7: regjere innan ramma av kapitalismen.

Sommaren 1940 tok Vichy-regjeringa under Pierre Laval ut stevning mot Léon Blum for å ha neglisjert forsvaret. Blum var dreiv aktor frå skanse til skanse gjennom å syna korleis regjeringa hans hadde drastisk auka forsvarsbudsjetta. Til sist sa tyskarane stopp fordi Blums defensorat vart pinleg for kollaboratørane, og Blum vart sendt i nazistisk fangenskap (som han, fysisk skjør,  mirakuløst overlevde).

Få figurar i fransk soge symboliserer betre enn Blum – André Malraux er ein anna – rolla som den intellektuelle i politikken, med alle dei dilemma denne rolla inneber. Folkefrontregjeringa hans vert hylla i Frankrike i år – med god grunn. Han var den magiske parentesen i fransk 1900-tallspolitikk.

Bernt Hagtvet er gjesteprofessor i statsvitskap ved Yale i haust og Dag og Tids korrespondent i USA denne tida.

Relaterte innlegg