Polsk fortid som ikkje vil forsvinne

Polsk fortid som ikkje vil forsvinne

Polen slit med historia si, i sær arven etter nazi-okkupasjonen og den rolla polakkar og polske jødar spela der. Den nasjonalistiske regjeringa vil no bruk lova for å brenne ut debatten om denne kjenslevâre sida ved fortida til nasjonen. Men denne freistnaden på å berge omdømet til landet har ført til nye, pinlege spørsmålsrundar. Lærdomen er den gamle: Historia bør ikkje overlatast politikarar. Ho er for innfløkt til det. Og utgangen kan bli stikk i strid med kva føremålet med denne offentlege bruken av soga var. Det ser vi no.

 

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

 

Polske styresmakter har eit høgt utvikla talent for å skyte seg sjølv i foten. For nokre veker sidan underteikna den polske presidenten Andrzej Duda lova som tek sikte på å verna «æra til den polske nasjonen», som det heiter. Utanfor demonstrerte ekstrem-nasjonalistar og skin heads for eit «reint Polen». Dei frykta at Duda ikkje ville sanksjonere lova.

Demonstrantane skreik at presidenten, som ikkje er jødisk, skulle ta av seg «det jødiske sjalet». Det er og  teikn til ny aggro-etnisitet i Polen: fiendskap mot dei ca. 1 mill. ukrainarar som lever der.

Om presidenten trudde denne lova skulle rette opp Polens skadeskotne prestisje, tok han skammeleg feil – det syner den internasjonale «damage control» som har gått føre seg i fleire veker no.

Polen er i dag diplomatisk temmeleg isolert i verda, ja, på grensa til å bli gjort til lått med den regjeringa landet har no.

 

Nasjonal restitusjon med lova i hand

I desember vart Mateusz Morawiecki utnemnd til statsminister i Warszawa. Oppgåva hans var å plastre omdømet til Polen etter at PiS-regjeringa -«Lov og Rettferdspartiet», styrt av landets strongman Jaroslaw Kaczynski – hadde utsett seg for internasjonal kritikk for sin ytterleggåande nasjonalistiske politikk, i sær frå EU.

Morawiecki må ha meint at ei lov om Polen og Endlösung ville gjere underet: å rette opp Polens internasjonale prestisje.

Denne saka reiser viktige spørsmål om offentleg bruk av historia, så lat oss difor freista ei  avklaring og gå trinnvis til verks.

 

Auschwitz var ikkje polsk

For det fyrste, lova kriminaliserer all omtale av konsentrasjonsleirane som Nazi-Tyskland sette opp på polsk territorium – anten okkupert eller innlemma i det stor-tyske riket – som «polske».

Me kan diskutere om straff er det rette middelet for å retta opp misforståingar av dette slaget eller rein Holocaust-fornekting. Denne debatten har lenge gått føre seg i Tyskland og Austerrike. (David Irving vart t.d. dømd for Holocaustfornekting i Austerrike og satt fengsla for dette).

Med den historia desse landa har, skal me utanfrå vere forsiktige med å seie dei overdriv.

Men samstundes må dette seiast: Det å fremja lovforbod mot ytringar av dette slag, er nok eit teikn på det autoritære sinnelaget som PiS-regjeringa er gjennomsyra av.

 

Alarmistisk overdriving

Men poenget ligg ikkje her. Essensen i denne saka er at Polen skyt sporv med kanonar. Alle med elementær kunnskap om historia veit at KZ-ane var nazi-tyske. Å seie at Auschwitz, Belzec, Treblinka og andre utslettings- og konsentrasjonsleire var «polske», er rett og slett  usant. Ikkje noko å diskutere. Punktum.

 

Forståelig polsk uro

For nokre år sidan møtte eg sjølv denne polske uroa. Eg melde sosiologen Jan T. Gross’ skremmande analyse av polakkar som dreiv gravrøveri. Gjengar av polakkar grov etter krigen ut jødiske beinrestar i kz-graver. Det var vanlege folk som gjorde det i von om å finna gull og edelsteinar gjøymt i støv og skjelett. Ordinær antisemittisk tankegang meiner som kjent at jødane var velståande folk.

«Golden Harvest. Events at the Periohery of the Holocaust» heitte boka (Oxford 2012). Ho var tett kjeldebelagt og hadde m.a. eigenfotograferte bilete av polske grupper oppstilte som fotball-lag og med skjelettrestar som kross i grotesk sigerspositur. Eit barbarisk utslag av respektlause og fåkunne som den katolske kyrkja ikkje gjorde noko for å hindre.

Polens ambassadør i Noreg meinte eg hadde blanda saman Polen og Tyskland. Eg såg at det eg skreiv reint språkleg og med litt vond vilje kunne misforståast. Eg bad om orsaking.

 

Kvitvasking av eit sårt punkt?

Dette er likevel ei sidesak, for det andre poenget her er at den polske PiS-regjeringa vil også kriminalisere alle som påstår at den polske staten var med på jødeforfølgingar og slik skadar omdømet til nasjonen.

Statsministeren har no modifisert seg. Internasjonal presse siterer Morawiecki slik. «Sjølvsagt vil det ikkje vere straffbart å seie at det var polske overgriparar slik det var jødiske, russiske og ukrainske, og ikkje berre tyske overgriparar».

Han er klår på eit punkt: korkje Holocaust-overlevande, kunstnarar eller forskarar skal kjenne seg bundne av lova. Kva er då poenget, kan ein spørja?

 

Eit nytt lågmål

Reaksjonen elles lot ikkje vente på seg. Den israelske presidenten, Rivlin, meinte dette var «eit nytt lågmål» frå polsk side. Den tyske avisa Die Welt skreiv at statsminister Morawiecki hadde til formål å førebyggje at «ofra vert  blanda saman med overgriparane». Men slik han «formulerte seg var det nett det som hende. Med denne lova synte PiS-partiet at det korkje stod for «lov eller rettferd»», skreiv Welt.

 

Bensin på bålet

Den liberale avisa Gazeta Wyborcza skreiv at statsministeren ville «slokke ilden i dei polsk-israelske relasjonane, men pøste bensin på».

Kor ideologisk denne striden er blitt, vart synleg i kommentaren frå dagsavisa frå det katolske høgre, Nasz Dziennik: «Statsministeren sa sanninga. Samarbeidet mellom jødiske institusjonar og individuelle jødar med tyskarar er fakta kjent for Holocaust-historikarar og forskarar.»

 

Lang tradisjon med anti-semittisme

Kva dreier dette seg om? Her gjeld det å tala med presisjon.

Polsk antisemittisme har lange tradisjonar og mange ytringsformar. Det er neppe ei overdriving å seia at polsk fortidsbearbeiding på dette punkt enno har nokre steg å gå. Måten Jan Gross er blitt handsama på, er eit døme eg skal ta opp under for å syna dette.

Men å skulda den polske staten for jødeforfølging (under krigen? i  1968 då det berre var 10 000 jødar att? no?) er å misse målet.

 

Seks års barbari

Her er ikkje staden å ta opp polsk anti-semittisme i heie si breidd, innfløkt som denne soga er. Seks millionar polakkar, derunder meir enn 3 millionar jødar, vart drepne av nazistane frå 1939 til 1945. Polakkane levde under eit barbari utan like. Kvar og ein sto i dagleg kamp for å overleve, nazivalden var massiv og vilkårleg.

 

Mannen som ville redde jødene

Me skal heller ikkje gløyme at det er mange døme på polakkar som hjelpte jødane under krigen til stor personleg kostnad – Yad Washem er fullt av vitnemål om dei.

Polen kan t.d. gje oss eit eksempel på ein heilt ekstraordinær heltedåd: Den polske katolske offiseren og motstandsmannen Jan Karski (f.1914) som forkledd og på oppdrag frå den polske eksilregjeringa i London tok seg inn i Warzawa-ghettoen for med eigne augne sjå kva lidingar nazistane utsette jødane for.

Karski vart torturert av Gestapo, flykta og kom seg via Lisboa til London og Washington for å vekke verda. Han fekk møte m.a. Roosevelt, men til lita nytte. Han vart ikkje trudd.

 

Pogromar og gravrøvarar

Meir komplisert vert det når vi tek for oss individuelle polakkar og deira tilhøve til jødane.

Jan Gross har i boka «Neighbors. The Destruction of a Polish Town» (Princeton, 2001) gjeve oss eit grufullt døme på valdeleg jødehat på individnivå i 1941.

I landsbyen Jedbwabne dreiv vanlege polakkar jødiske naboar inn i ei låve og brann dei levande. Folk som freiste flykte ut vindauga, vart skotne. Så fanatiske var polakkane at SS-folk reagerte. Minnesmerket  i landsbyen sa etter krigen at det var tyskarane som stod for udåden, men det er usant. Det var vanlege polakkar.

I boka «Fear: Antisemitism in Poland after the War «(Princeton 2006) syner Gross at det var pogromar etter krigen også. Me har alt nemnt den tredje boka hans «Golden Harvest» som utfyller dette biletet.

 

Vendettaen mot Gross

Her kjem hovudpoenget. Polske styresmakter har lenge drive ein vendetta mot Gross, som forøvrig eg kjenner som ein samvetsfull forskar frå felles studietid på Yale. Dei har gått til frenetiske åtak på han som «unasjonal» og det tyskarane kallar ein «Netzbeschmutzer» (ein som skit i reiret). Og han er truga med å bli fråteken medaljar og liknande.

 

Nasjonalsjåvinistisk historieskriving

Er det slik historieforsking den nye lova skal undergrave? Saka Gross lovar ikkje godt. Det er grunn til å frykte at PiS-regjeringa – som i god autoritær stil vil skrive om historia (jfr. striden om krigsmuseet i Gdansk) – trur at vegen for å stramme opp Polen-biletet ute er gjennom slik utreinsking av ubehagelege fakta.

 

Polsk historie som helteepos

PiS-regjeringa synest å ha lagt ut på eit gigantisk revisjonsprosjekt: å framstille polsk historie som eit helteepos og fjerne kva statsideologane meiner er offerrolla til nasjonen. Med det perspektivet er tvilarane som ikkje vil vere med på ideologien om Polen som permanent historisk offer, forrædarar.

At dette perspektivet ligg under denne siste lova, synest klart ut frå det statsminister Morawiecki sa like etter at president Duda hadde godkjent lova: Endeleg var landet i ferd med å kaste av seg underkastinga av utlandet som har karakterisert åra etter kommunismen.

 

Boomerang

The Economist slår fast at denne taktikken har «backfired». Å tvinge landets historie inn i ein formel- offerrolla –har ført til politisk isolasjon frå allierte. Det i si tur har ført til at styresmaktene i Warszawa grev seg djupare ned i skyttargravene og stadfester at i slike spørsmål kan ein berre stole på seg sjølv. Sjølforsterkande skyttargravsmentalitet.

 

Jøderåda og ofra som overgriparar

Ingen har nemnt dette enno, men elefanten i dette rommet er Hannah Arendt. Det var ho som i pamfletten om Eichmann-saka (1963) fyrst tok opp den rolla jøderåda i ghettoane i Warszawa og Lodz spela.

Ho er blitt skulda for å gjere ofra til overgriparar og stå for lettbeint kynisme konfrontert med umogelege moralske val. Ho  utløyste ei bylgje av kritikk då ho skreiv at utan denne jødiske samarbeidslina måtte nazistane ha  brukt mykje meir ressursar på drapsgjerningane sine.

Det som er klart er at jødane freista å gjere seg økonomisk uerstattelege for tyskarane i ghettoane. Det skulle skje ved å arbeide hardt for dei, m.a. med uniformar og støvlar for Wehrmacht. Dei innesperra jødane vart pressa djupare og djupare inn i  kollaborasjonen i ein desperat strategi for å overleve. Dei skjøna etter kvart kva den nazistiske ideologien gjekk ut på: total fysisk utsletting. Nazismen var ikkje styrt av ‘normale’ nytteomsyn. Då jødane sjølv vart pressa til å peike ut kven som skulle på neste tog til Auschwitz, valte mange, t.d. øvste leiar for ghettoen i Warszawa, Adam Cherniakow, å ta sitt eige liv.

Når den polske statsministeren meiner at det også fantest jødisk samarbeid med nazistane, så tek han opp eit tema som ikkje politikarar burde uttale seg om – aller minst for å hjelpa ei regjering som legg seg ut med europeisk opinion. Til det er historia for samansett.

Historia bør ikkje brukast slik. Det gjer berre klossete folk som trampar inn med eigne agendaer.