Debatten som tidvis vart gjørmebad

Der sanninga fylgjer saka

Av Bernt Hagtvet

New Haven, Connecticut. 

Artikkelforfatter Bernt Hagtvet.
Artikkelforfatter Bernt Hagtvet er professor II på Bjørknes Høyskole

-Det var ikkje så store forventningar til nivået på presidentdebatten tidlegare denne månaden. Ei overskrift i The New York Review of Books er i så måte karakteristisk: “America: As Low as It Gets”. The Economist nyleg var like nedslåande. Leiarskribenten der var meir oppteken av dei langsiktige verknadene av denne kampanjen, meir enn kven som vinn no: «the post-truth society».

I dette samfunnet er all tanke om objektiv sanning blæst vekk. Der gjeld det berre korleis sanninga «føles». Dessutan at all sanning skal målast ut frå om det «tjener» ei sak. Opportunistisk. George Orwell kunne ikkje fått meir rett. Velkomen til USA, Winston Smith!

Raset mot botn 

Dette draget ved USAs politiske kultur går i eitt med eit anna trekk ved dette samfunnet: forakta i breie lag for kompetanse. Tenk berre på kor John Kerry tapa då det vart klårt at han tala flytande fransk.

trump__clintonHer er vi ved populismens kjerne og demokratiets Akilles-hæl. Den konservative (men ikkje fascistiske) spanske filosofen José  Ortega y Gasset såg det klårt alt i 1929 då han kalla sitt historiefilosofiske verk «Massenes opprør». Det blir eit ras mot botnen i alle høve, intellektuelt, moralsk, estetisk.

Folk leser Ortega her no. Og Tocquecvilles analyser av korleis demokrati «self-destruct»: holes ut innafrå av lettlurte, enkle folk som drives fram som kveg av demagogar.

Clinton var uklokt nok inne på det same då ho i eit ubevokta augneblink sa det mange tenkjer: at mange av Trumps veljarar er å beklage («deplorable»). Sant men det kan ein ikkje seia i eit demokrati. Og uansett er dei eit signal om å bli høyrd om bli fortstått. Elitefortviling er ikkje vegen å gå, og det veit nok Hillary.

Konservativ sjøloppgiving 

Den konservative skribenten Robert Kagan skreiv nyleg at «slik kjem pøbelveldet til USA». Då gløymer han at dette skjer etter år med republikansk obstruksjon i Kongressen og systematisk forakt for den føderale staten – og konservativ sjøloppgiving. Nett fordi dei konservative innan det republikanske partiet ikkje såg Trump kom, eller ville driva Djevelen ut med Belzebub ( enda meir ytste-høgrepolitikk à la Ted Cruz), – nett etter dette fekk agget nedanfrå bite seg fast. Kva for splittingar som kjem til høgre etter eit tap for Trump, er alles gjetting her.

Lygn på lygn

For å pensle ut poenget med lygna som åtferdsnorm trykte New York Times dagen før debatten to sider med konkrete attdrivingar av  kva Trump har sagt i det siste. Utvalet var bizzart  – frå utsegnet om at Obama hadde etablert ISIS til at det var Clinton som hadde starta tvilen på at Obama var fødd i USA (medan ho freista å slå han ut i presidentvalkampanjen i 2008). Og at den som hadde satt ein sluttstrek for denne absurde fødselsattest-striden det var han, Donald J.Trump.

At ein som fornærmar foreldra til ein død soldat fordi han var muslim og taler ned ein kvinneleg domar av di ho er av meksikansk slekt – at ein slik bølle kan vinne fram, får ein til å tenkja på Sinclair Lewis’ romanklassikar om fascismen i USA: «It Can’t Happen Here».

Etter kvart som rommet mellom Clinton og Trump snevrast inn i dei flytande statane Ohio, Pennsylvania, Florida og  Nevada vert det mange som ikkje er så sikre lenger.

Trøytt 

Så, kva hende? Det fyrste ein la merke til var at Trump vart trøytt og etter kvart gjekk tom for tankar – anna enn sjablongane sine. Han lukkast ikkje å få Hillary ut av fatning og vart driven frå skanse til skanse i høve si eige sjølmelding. Men det må også seiast at dei i Hillary-leiren som hadde vona at han skulle avsløra seg som den mobbaren han er, dei vart skuffa. Han synte ein relativt sivilisert form sjølv om mange seier han synte sitt sanne eg dei mange gongene han braut Hillary av.

Små folks ven? 

Hillary hadde også funne fram folk som hadde arbeidd for Trump som ikkje hadde fått betaling. Trump som småfolks ven fekk eit grunnskot her. Men han fekk inn eit poeng der han klaga over at Hillary hadde brukt millionar på negative annonsar mot han. Her fekk han ikkje så lite sympati fordi han synte personleg sårheit.

Trump har ein nostalgi som er meir sentimental enn reelt retningsgjevande. Dei jobbane som er tapt i industristatar som Ohio og Michigan kan ikkje tryllast attende. Det må etablerast nye jobbar. Og her var ho konkret, tala om småindustri, ny vegar innan IT-industrien, satsing på infrastruktur, bruer, vegar, tunnellar, høgare minsteløn og hjelp til å få fleire kvinner inn i arbeidslivet.

Trump var nok svakast når han skrøyt av seg sjølv og temperamentet sitt som eigna til å styra atomknappen. Det var her han skulle nå fram til dei som enno ikkje var klåre på kven dei skulle stemma på. Men få vart overtydd, trur eg.

Lite kulturkrig 

Eit interessant trekk ved debatten var kor lite dei klassiske kulturkrigane i amerikansk politikk var med, abort og religion. Det kan kome seinare. Men orsaken er venteleg at dei evangeliske kristne sit musestille og har fått sitt – foreløpig, blott og bart gjennom ha fått Trump så langt. No vil dei at han skal vinna og oppnemne høgsterettsdomarar som er abort-motstandarar, og som vil dominere retten fram til på 2040-talet.

Enno gjenstår det to debattar. Eg leser at det er rykter om at Trump vil trekke seg frå dei. Men slikt gjer ikkje folk som har slik sans for sitt eige temperament.

 

Bernt Hagtvet er ansatt som professor II på Bjørknes Høyskole der han bla. skal undervise i folkemord og massevold i det 20. århundre.

Relaterte innlegg