UK-valg 2017: Rapport fra et øyrike i storm

UK-valg 2017: Rapport fra et øyrike i storm

I dette blogginnlegget intervjuer professor II ved Bjørknes Høyskole, Bernt Hagtvet, den engelske Rokkan-eleven og mangeårig foreleser ved Open University, Jeremy C. Mitchell om hovedtendensene i valget i Storbritannia.

Av Bernt Hagtvet (Professor II ved Bjørknes Høyskole). Bernt er bla. fast skribent i den eneste riksdekkende nynorskavisa Dag og Tid. Dette bloginnlegget er derfor på nynorsk.

-Storbritannia: på veg attende til eit to-partisystem, men med sterke regionale variasjonar.

 

BH: Kva var hovudtendensen i valet?
JCM: -Det ser ut til at landet er på veg attende til eit to-partisystem. Det samla talet på stemmer til dei konservative + Labour har ikkje vore så stort sidan det tidlige 50-talet. Stønaden til UKIP fell saman – deira veljarfolk meinte vel at føremålet med partiet – Brexit – var oppnådd. Mange hadde venta at deira stemmer ville bli overført til toryane, men det ser ikkje ut til å ha skjedd. I dei fleste valkrinsar ser UKIP-stemmene ut til å ha vorte delt mellom toryane og Labour nokon lunde likt. Nigel Farange, den førre UKIP-leiaren, sa sjølv at ein stor del av arbeidarklasseveljarane hadde vendt attende til Labour inspirert av Corbyns tradisjonelle sosialistiske valmanifest.

 

Val-skvis

BH: -Og det svake resultatet til Liberal-demokratane stadfestar vel dette hovudsynspunktet?
JCM:-Liberaldemokratane kom i den klassiske valskvisen og auka talet på MPs ved å appellere til taktisk stemmegivning. Som her i min eigen valkrins i Oxford, der mange Labour-veljarar stemte taktisk Libdem for å slå ut det konservative parlamentsmedlemmet. Men det er grenser for kor vidt denne taktikken kan gå – Libdems fekk trass alt berre 12 mandat.

 

England fyrst og fremst

JCM:-Ein skal likevel ikkje trekke argumentet om ei stadfesting av to-parti-trenden for langt. Denne tendensen gjeld i fyrste rekke i England. Det kom heilt andre resultat i Skottland, Wales og Nord-Irland. Når no Theresa May t.d. må samarbeide med dei nord-irske unionistane (med 10 plassar i Westminster) så gløym ikkje at dei er sosial-konservative, mot abort, for immigrasjon, for opne grenser til Eire, skeptisk til dei sparelina til dei konservative, trur ikkje på klimaendringar. Dei vil ha blaut Brexit, ikkje som May ein hard.

 

Kva skjer i Ulster?

Unionistane, DUP, har eliminert andre parti på den protestantiske sida i UIster. Å oppretthalde freden i provinsen (»Good Friday Agreement) er sterkt avhengig av DUP. Men no er heile denne avtalen sett i spel fordi katolikkane ikkje ser med blide auge på eit parti som vert so nært knytt til den britiske regjeringa. Avtalen May/DUP kjem difor med ein pris, og den prisen kan bli høg, t.d. fred i Nord Irland. Endar det heile med ein hard Brexit, med grensesperringar mot republikken, vert konfliktnivået høgt att. Den koalisjonen me no ser forma seg, vert ikkje stabil. Mays hovudplanke, at ho stod for fast leiarskap, er blitt ei tom frase. Sant å seie minte det mange om retorikken og personkulten i autoritære regime. Ekstra pinleg vart dette når det vart klart at ho ikkje hadde nokon personlegdom å fylle desse talemåtane med. Tidlegare eksperiment med Tory/DUP-koalisjonar har slutta nokså triste, t.d. under regjeringa Callaghan på 70-talet.

Og med tanke på argumentet at England er på veg attende til to-partisystemet, så gløym ikkje at det einaste grøne parlaments-medlemmet kjem frå Sør-England, frå universitetsbyen Brighton. Om dette resultatet for toryane kjem av at dei førte ein særs amatørmessig valkampanje, er eit for stort spørsmål å seia noko sikkert om no.

10 Downing street

Meir innfløkt skiljelinemønster

BH:-Det synest som om andre skiljeliner enn det klassiske høgre/venstre har kome sterkare attende, t.d. senter-periferi og alder, men ikkje kjønn.
JCM:- Eg trur ikkje klassegrunnlaget for partisystemet er blitt styrka. Senter-utkant er blitt viktigare. Vi så t.d. korleis dei konservative medvite zooma seg inn på dei nordlege engelske valkrinsane der det hadde vore eit sterkt Brexit-resultat eller der UKIP stod sterkt i 2015. Med eit tvitydig resultat.
Alder? Corbyn lukkast med å mobilisere dei under 25. Tradisjonelt har dei vore sett på som meir venstreorientere men vanskelegare å få til å koma til urnene. Det var ikkje tilfelle denne gongen. Det var formeleg ei kødanning ved registreringskontora og deltakinga var høy, noko som sikkert hadde samanheng med Corbyns ynskje om å taka bort dei høge universitetsavgiftene. Gjennom å unngå den høgrevridde pressa unngjekk ungdomane også demoniseringa og sjikanen av Corbyn. Dei opererte meir på sosiale media der biletet av Labour har vore meir positivt.

 

Europa og alder

BH:- Kvifor er ungdomen i UK så positive til EU medan norsk venstreungdom stort sett er frosne fast i ein marxistisk inspirert kritikk av EU som ein blokk med demokratisk underskot og kapitalistisk økonomi?
JCM:-Delvis fordi dei er mindre knytt til fortida. Har ikkje noko tilhøve til ord som «Empire» eller den perioden då Storbritannia kunne bli sett på som ein verdsmakt. Akademiske utvekslingsprogram har auka deira kunnskap om europeiske tilhøve. Eg trur dei ser ‘Europa’ meir i kulturelle enn politiske og økonomiske termar. Dei ser Europa som ein sum av akademiske og personlege opningar. Eg spurte dottera mi Camilla om dette og ho sa at fordi ho var vakse opp som europear ser ho ikkje Europa som noko trugsmål men som eit sett av nye sjansar. Multikulturalismen har og bygt ned synet på eige land som særmerkt eller overlegent.

 

Dei særmerkte skottane- ikkje undervurder SNP!

JCM:- Eg vil åtvara mot å overvurdere nederlaget til dei skotske nasjonalistane SNP. Før 2015 hadde dei 6 MPs, no 35. I Skottland er dei det største partiet. Før valet hadde dei 56 av 59 plassar i det skotske parlamentet, klart ein posisjon som ikkje kunne haldast.
Nicola Sturgeon, SNP-leiar, dreiv heile kampanjen sin for å få til ein folkeavstemming nr. 2 om å forlate UK. Ho vart møtt med unison motstand frå dei andre partia – konservative, Labour, Libdem – som samla klart fekk fleire stemmer enn SNP. Ho vart også møtt med klager om dårleg politikk heime. SNP har trass alt styrt i feire år no. Ei overraskande feilvurdering her av Sturgeon. Kampanjen i Skottland var ein triumf for leiaren av dei konservative, Ruth Davidson. Men nok ein gong sjå på dei innfløkte skiljelinene: Davidson er tilhengjar av eit blaut Brexit og vil soleis verta eit problem for May.

 

Wales – konservativ mobilisering

Resultata i Wales var også annleis. Toryane sikta seg inn på Labour-krinsane men var ikkje særleg heldige. Dei walisiske nasjonalistane (PC) har ikkje vore så vellukka som SNP men auka talet på mandat til 4. Labour hadde ein god kampanje i Wales.
BH:-Vi kjem ikkje utanom suksessen til retro-sosialisten Corbyn.
JCM:– No nå vi fyrst spørja om kva som ville skjedd med han om kampanjen til toryane hadde vore meir kompetent, eller om programmet til Labour hadde vore undersøkt av skarpskodde økonomar. I starten på kampanjen såg det ut til at May skulle få eit fleirtal på 120+. Valforskarveteranen ved Nuffield, David Butler, sa at han aldri hadde sett eit så snøgt og djupt omskifte («swing») nokon gong. Og han hadde fylgd alle val frå 1945!

 

Mays fall

Dette fallet er enormt. Ho vart opplevd som opportunistisk og kald. May stilte ikkje opp på partileiardebattar, heldt seg til kontrollerte møte og var ansvarleg som innanriksminister frå 2010 for djupe kutt i politistyrkene. Det gjorde seg dårleg etter terror-åtaka i Manchester og London.
Corbyn symboliserte år med frustrasjonen etter «austerity», finansminster George Osbones spareline, toryanes ekstreme fokus på offentlege budsjettunderskot. Corbyn drog rundt landet nærast som ein rockestjerne og tala direkte til ungdomen, om framtidsvon, ikkje for dei få men for dei mange. Vanleg opinion sa at å tapa færre enn 100 plassar ville vera ein siger for Labour. Han vann fleire mandat med eit klassisk sosialistisk program. Som David Butler alltid har sagt det: «Never predict»!

Jeremy C. Mitchell (1941) skreiv doktorgrad på Yale med Stein Rokkan som vegleiar. Tema: Tidleg britisk valhistorie (om «open voting»). Har undervist på Jesus College, Oxford, og ved Open University. Pasjonert jazzelskar.

Bernt Hagtvet er professor II ved Bjørknes Høyskole og underviser bla. på bachelorstudiene freds- og konfliktstudier og internasjonale studier.

Jeg vil lære mer om internasjonale studier

Relaterte innlegg