Krigen som bana vegen for Lenin og Hitler vert markert år etter år. YPRES OG PASSCHENDAELE – UFATTELEG LIDING FOR INGENTING

Krigen som bana vegen for Lenin og Hitler vert markert år etter år. YPRES OG PASSCHENDAELE – UFATTELEG LIDING FOR INGENTING

Dei som fylgjer med i britiske aviser vil sjå at nesten kvar dag er det meldingar frå fronten for hundre år sidan. Fyrste verdskrigen – urkatastrofen i Europa - vert mint på så mange vis. I 2015 var det Galipoli, i fjor slaget ved Somme og i år Ypres. Mest stilt har det vore frå Tyskland. Ikkje til å undrast over. Landet var den store taparen, og krigen innleidde det neste store ulivssåret i tysk historie: Andre verdskrigen. Ein kan tala om store europeiske borgarkrigen frå 1914 til 1945, eller gjerne den andre tretti-årskrigen i europeisk historie.

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

 

FRANSK NASJONSBYGGING

I Frankrike vart sigeren feira storstilt ved markeringa av starten av krigen i 2014. Ein av de siste levande vart funnen fram, ein algirar som melde seg friviljug. Alle levande presidentar og det som talte av militære møtte fram ved Triumfbogen. Seremonien vart ein fest i nasjonsbyggingas teikn. Det var det republikanske Frankrike som skulle markerast. Det audmjuke nederlaget i 1940 og kapitulasjons-dokumentet som vart underteikna i Compiégne-skogen i den same vogna der Tyskland vart konfrontert med nederlaget i 1918 – denne skamma skulle druknast i sigeren frå 1918.
Franskmennene seier den dag i dag La Grande Guerre, slik også britane seier The Great War. I kvar landsby i Frankrike ser du dei ofte attgrodde minnesmerka over dei som falt for «la goire» og fosterlandet. Vi i Noreg slapp som vanleg lett unna. Vi var «den nøytrale allierte», som Olav Riste formulerte det. Om kring 4000 liv vart tapt, for det meste sjøfolk.

 

POLITISK LADNING I STORBRITANNIA

Det landet der det totalt meiningsløyse i krigen vert mest minna, er nok UK. I 2014 tok Michael Cove, då utdaningsminister under David Cameron, til orde mot «venstreradikale» historikarar som grov under og latterleggjorde nasjonalkjensla.
Historikaren Max Hastings forsvara tapa i krigen. Dei var naudsynlege offer for å stogga eit aggressivt, autoritært Tyskland som truga maktbalansen i Europa, sa han, ein maktbalanse som alltid hadde vore målet for britisk utanrikspolitikk.
Men ingen har som britane turt å driva gjøn med fyrste verdskrigen og i sær den allmenne kjensla av militær vankunne og inkompetanse. Tenk berre på musikalen Oh, What a Lovely War frå nokre år sidan. Der var det i sær offiserane som vart parodiert omsvøpslaust.

 

OM KEISAREN HADDE VUNNE…

Den mest biletstormande britiske historikaren har nok vore Niall Ferguson. Han har argumentert for det tragiske i at Tyskland tapa i 1918. Hadde Wilhelm II vunne, vi ikkje fått andre verdskrigen, ikkje Holocaust. Og Europa ville sett ut omtrent som det er no – med Tyskland i førarsetet, seier han.
Det er nok eit stivt stykke. Fergusson undervurderer nok kor illiberalt keisardømet var og kva Tyskland t.d. hadde gjort med Frankrike, arvefienden. For ikkje å tala om England sjølve.

 

BLOD OG SØLE

Denne sumaren har slaga ved Ypres og Passchendaele i Flandern vore gjengangar i minnespaltene i England. Det er 100 år sidan general Douglas Haig 31. juli 1917 i orkanaktig regnver sette i gang åtaket ved Passchendaele, i det som er blitt kalla «det tredje slaget ved Ypres».
Då denne fasen av fyrste verdskrig var over, i desember, hadde det kosta britane nær 70 00 drepne og over 170 000 såra. Tyskarane kan ha misst fleire – statistikk er upåliteleg.
Menn måtte avansere over flatar som var såg ut som eit kopparra andlet av gjørme og djupe krater. Soldatane drukna som rotter. Det kunne ta seks timer å få såra heim gjennom dette søle-infernoet.
Ein flygar sa det slik etter å ha sett landskapet ovanfrå: «Det er rett og slett ikkje tenkjeleg at menneske kan eksistere i ein slik sump, for ikkje å tala om å kjempe der».

 

FÅNYTTES SIGRAR

Dei allierte erobra til sist landsbyen Passchendaele, men fire månader etter, under den tyske våroffensiven i 1918, vart dei trengde attende.
Passchendeale vart ståande som sjølve sinnbiletet på fyrste verdskrigen som absurd tap av menneskeliv for ingenting. Saman med slaget ved Somme 1. juli 1916 slår tala oss i møte med ei kraft vi ikkje kan fatte: På fyrste dagen ved Somme mista britane 60 000 menn, av dei tredjedelen drepne. UK mista fleire menn på denne dagen enn i tre krigar til saman: Krim-krigen, Boer-krigen og Korea-krigen. I El Alamein under ørkenkrigen i Nord-Afrika gjekk det med 1 125 menn pr. dag i elleve dagar.

Skyttergrav i Ypres, Belgia – 1. Verdenskrig

ERSTATNINGSHÆR I AUST

Den store skilnaden mellom britane og tyskarane i Ypres var at Ludendorff og Hindenburg hadde enda ein hær på vent i aust som dei kunne kasta inn i nye oppgjer i vest. Britane var totalt på felgen. Dei hadde innført verneplikt seint og hadde i byrjinga stolt på friviljuge.
Krigshistorikaren John Keegan seier det slik: I 1917 hadde Storbritannia kalla opp alt dei hadde. No kom det inn i folk i den britiske hæren «som hadde blitt avvist ved fyrste augnekast i 1914: dei hulbrysta, dei pukkelrygga, dei nærsynte, dei eldre. Deira fysiske tilstand og utsjånad var prov på Storbritannias desperasjon og Haigs uvettige forbruk av menn».

 

«NICHTS ESSEN, NICHTS TRINKEN»

Vi har ein augevitneskildring av korleis slaget tok seg ut nedanfrå. Edwin Vaughan frå 1st/8th Warwickshire-regimentet kom over ei gruppe tyskarar som ville overgje seg frå ei hole:
« Fangane samla seg kring meg, tilsøla og sønderknuste og fortalde meg om den forferdelege tida dei hadde hatt. Nichts essen, nichts trinken! Granatar, granatar, alltid. Eg hadde ikkje nokon som kunne ta dei til dei bakre linene, så eg plasserte dei med mine menn som tok seg av dei og delte dei sparsame rasjonane sine med dei.
Frå andre granathol i mørkret kom det frå alle sider smertestønn og skrik og fjerne, lange hyl av angst og fortviling. Det var grusomt openberrt at såra menn hadde slept seg ned i granathol for å søke ly, og no steig vatnet over dei. Ute av stand til å røre seg drukna dei langsamt. Ufattelege visjonar kom over meg ved desse skrika frå øydelagde menn som rekna med at kameratane deira ville kome dei til unnsetning og redde dei – og som no døde saman ned dei døde i det isa mørkret.
Vi kunne ikkje gjera noko; ved sidan av meg græt Dunham stille, og alle menn var sterkt påverka av desse ubarmhjertige skrika.…Eg nærma meg hovudkvarteret vårt. Det var totalt utsletta, hadde fått ein direkte treff.
I det eg skritta over døde menn ved inngangen kjende eg ei hand klamra seg til beltet mitt. Lamslege drog eg ein levande soldat ut av likhaugen. -Neste morgon heldt vi rekneskap: Av vår lille eining på 90 mann var det berre 15 att.»

 

Bernt Hagtvet er professor ved UiO og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid der dette innlegget først stod på trykk.

Relaterte innlegg