Zombielandet med atomrakettar

Zombielandet med atomrakettar

Nord Korea er i vinden for tida. Toppmøtet mellom Kim Il Un og Donald Trump har ikkje gjort interessa mindre. Dei 18 millionane i nord er sette i spel mellom stormaktene. Kva som skjer no er alles gjetning.

 

Skrevet av professor II Bernt Hagtvet

 

Dei tvitydige toppmøta

Toppmøter er så mangt. I 1938 kom Neville Chamberlain heim frå Hitler i Berghof og vifta med eit papir: Peace in Our Time! Det varte ikkje lenge. I 1961 hadde vi eit tilsvarande toppmøte i Wien mellom Nikita Khrustjov og John F. Kennedy. Der herja den sovjetiske leiaren med den unge presidenten. Khrustsjov trudde Kennedy var så svak at han kunne testa han. Cuba-krisa, der verda stod framfor eit kjernefysisk ragnarok, vart resultatet.
På den andre sida vart møta mellom Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov fruktbare, likeeins mellom Konrad Adenauer og Charles de Gaulle. Om vi tenkjer på kor uføreseielege slike arrangement kan vere, gløym ikkje den spontane folkelege hyllinga av Willy Brandt i Erfurt etter at han hadde møtt Willi Stoph og dei andre DDR-leiarane. Det sette i gang eit momentum som synte seg historisk viktig.

 

Totalitært stjernedøme

Men kva veit vi om tilstanden i det lukka landet Nord- Korea? Om einskildmenneska, om fattigdomen, helsetilstanden til folk, vanten på mat, den massive politiske undertrykkinga, leirsystemet for opposisjonelle, dei vilkårlege fengslingane? Maktkampane i leiarsjiktet, drapa på nærståande familiemedlemer og generalar.
Nord Korea er George Orwells 1984-samfunn i n’te potens. Sanningsministeriet og Storebror i Oceania med atomrakettar.

 

Friserte inntrykk

Det er ikkje så mange reportasjar derfrå. Men no har vi ein: Den norske læraren Terje Albregtsens turistrapport «Fasciststaten Nord-Korea» (Oslo: Kolofon 2018).
Dette er ei upretensiøs bok. Albregtsen går ikkje i dei mange fellene som det er så mange av når politiske pilgrimar til høgre og venstre vitjar draumasamfunna sine. Han er ikkje ein pilgrim. (Når får vi t.d. reportasjar i dag frå dei som på 90-talet solte seg i glansen frå sandinist-Ortega i Nicaragua).
Her er ikkje ein Beatrice Webb som fjerna spyrjeteiknet frå boka si «Soviet Russia –a New Civilization (?) midt under Stalins skueprosessar i 1937, der den paranoide tyrannen myrda Lenins revolusjonskameratar med nakkeskot. Det er ikkje naudsynleg å nemne fleire namn frå dette skrekkabinettet. Men nett fordi hjulspora ligg så nære er det fint å lesa Albregtsens direkte skildringar av landet sett frå ein turistsynsstad. Det er friserte inntrykk, og han er medviten om det.

 

Pseudoreligion

Det som gjer Albregsten verkeleg hissig, er å vere vitne til den smaklause religiøse dyrkinga av Kim-dynastiet i kjempehallar med statuar, blomar og verbalorgasmar. Han og fylgjet hans må kle seg sømeleg, må bukke underdanig og te seg som, jau, pilgrimar nett som på ei gudsteneste.
Albregsten vert rasande og vi skjønar han. Kim Il Un kan ikkje kallast med normale nanm fordi fordi far hans i farfaren hans er enno «i live».

 

Zombiane

Elles er det flust med forventa inntrykk: folk som oppfører seg som zombiar (men også venlege), mange freistnader på å skjula fattigdom, landbruk med hakkar og spader, elendig infrastruktur, enorme vedlikehaldsbehov, nitid kontroll av fotoapparat, etc. Slik vi kjenner der frå liknande despoti. Heller ikkje USSR makta å gje folket såpe og dopapir!

 

Facisme?

Albregsten meiner vi står andsynes ein fasciststat. Han meiner NK heller ikkje er ein kommuniststat etter å ha studert juche-ideologien (total sjølforsyning).
Kan hende er stalinisme eit betre ord – ekstrem persondyrking, totalkontroll, sosialisme i eitt land, morderisk forfølging av »folkefiendar», paranoia. Likskapane Stalin/Kim er mange.
Men på eitt punkt skal Albregsten få rett i hans fascismeanalogi: Kim Il Sung lever no, seier dei. Den same absurde dødskulten hadde dei spanske fascistane. Den spanske falangistleiaren José Antonio de Rivera (f. 1903) vart skoten av republikanare 1936, men Falangistane starta likevel lenge møta sine med å skrika ut «José Antonio presente!». Som Francos kjernetroppar den gongen, så Kim i dag.
Terje Albregtsen er i alle fall her på trygg grunn når han ser parallellane.

Bernt Hagtvet er prof. i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Relaterte innlegg