Zygmunt Baumann – Det grenselause, flyktige moderne

Sivilisasjonen no omfattar dødsleire og Muselmänner, utsulta fangar, blant sine materielle og åndelege produkt.

Av Bernt Hagtvet 

Zygmunt Baumann
Foto: Massimo Demelas

Det er ikkje mange samfunnsforskarar forunt å meisle ut omgrep og tankemønstre som fangar inn samtida og i fortetta form gjev oss ny innsikt. I sosiologiens historie kjem Max Weber fram som den fyrste, på line med Marx og Durkheim – og i våre dagar Habermas, Ulrich Bech og Antony Giddens. Og no Zygmunt Baumann, som i ein alder av 92 år døydde nyleg.

\\\Høyrer han til i denne klassa av samfunnsforskarar? Ja, om ein kombinerer tre ting: original samfunnsanalyse (nyskapande sosialteori), skarp samtidsobservasjon og klare omgrep. Baumann sa om seg sjølv at «eg er ein profesjonell verdsobservatør…mi evne til undring hindrar meg i å gå i pensjon» (eit meiningstomt omgrep for akademikarar, som vi veit).\\\

Baumann var ikkje berre kommentator om samfunnsfenomen som overvaking, dronar, flyktningkrisa, Brexit og populismevariantar. Ein kunne kan hende seie om han som Erling Falk sa om seg sjølv: ein røyndomsfanatikar. Dei som kom til huset hans i Leeds vart alltid ynskt velkomen, men som Harald Staun skreiv i Frankfurter Allgemeine 11. januar: ein kjente seg mest som «ein inntrengjar». Huset til Baumann var bebodd av ein hovudperson som hadde viktigare ting å gjere enn å vera vert og bruka energien sin på kvardagen.

Den mangfaldige moderne tilstanden 

Å skriva var det som dreiv Baumann i høg alder. Og han etterlet seg eit oeuvre som har endra sosiologien og vårt syn på hundreårets katastrofe: Holocaust. Eg let biblioteket finna fram Baumann-verk. Eg fekk ut 21 titlar, frå ein studie av britisk arbeidarrørsle («Between Class and Elite, 1960/72) over ein serie med sosiologisk teori (døme:»Towards a Critical Sociology, 1976, og «Thinking Sociologically», 1990) til bøker om etikk ( døme: «Alone Again: Ethics after Certainty», «Life in Fragments: Essays in Postmodern Morality», 1995, og «Mortality, Immortality and Other Life Strategies, 1992). Den siste: »State of Crisis,» 2014). I desse Trump-tider er kan hende den beste staden å ta til er «Globalization: The Human Consequences» (1998).

Om ein skal mynta ut ei kjerne forfattarskapen så må det vera studiet av den moderne tilstanden. ‘Modernitet’ er eit notorisk vagt omgrep, eit såpestykke i hendene på allehånde kommentatorar. For Bauman stod ‘modernitet’ for noko grenselaust flytande, ein tilstand av det absolutt uføreseielege. Derav titlane på dei siste av bøkene han skreiv: «44 Letters from he Liquid Modern World», »Liquid Modernity», »Liquid Fear» (2010), «»Liquid Times», og «Liquid Love». Framtida er heilt open: Ingen kunne t.d. førestella seg at ein gamal sivilisasjon som den tyske frå 1941 sette seg som mål å myrda – på moderne vis – alle menneske som var jødar. Ikkje for noko dei hadde gjort, men for noko dei var.

Det totalt uføreseierlege 

Og kunne Francis Fukuyama tenkje seg tjue år fram i tida ville han ikkje ha spådd at det liberale demokratiet ville stått på historias sigerspall i dag. I «Liquid Modernity» var hans skånselslaus andsynes all fortidsromantisering: «Det som er brote sunder kan aldri føyast saman att.. gløym all von om fortidige faste punkt». Forfattarskapen kan samanfattast i innleiingsorda til «Liquid Times»: «Modig på veg inn til det usikres inferno».

Han vendte seg mot skuggesidene ved globaliseringa: det overfladisk grenselause, samanbrotet for samkjensla gjennom brutal individualisering og kommersialisering av alle livstilhøve, gjort enda meir tyrannisk av ei digitalisering som trugar privatlivet (på netet kan du t.d. utan forplikting, slik du gjer innkjøp, gå inn og ut av sjølv romantiske samband). Ei digitalisering som skapar Beivik-liknande ekko-kamre for eigne førdomar og bryt ned ein felles arena for demokratisk opinionsdaning Døme: Trump. Baumanns verd gjer mykje av det Orwell skreiv til nokså uskuldig folkelivsskildring.

Det moderne teken ut til det logisk tenkjelege 

Det sentrale punktet i Baumanns teori om Holocaust er at folkemordet ikkje kan sjåast som eit brot med den s.k. moderne sivilisasjonen. Massedrapa er ikkje eit atterfall til primitivisme, men snarare gjort mogleg av høg-sivilisasjonens fremste produkt: teknologi (radio, telegraf, telefon), byråkrati, vitskap og rasjonalitet, planlegging og disiplin. Den moderne sivilisasjonen teken ut til det absolutte, men logisk tenkjelege. Slik kastar Baumann dette nullpunktet oss midt i andletet. Vi kan ikkje sjå vekk og avfeia vondskapen som ein avart. Vondskapen sit midt i blant oss. Ikkje noko er så trist som tagnaden om dette, skriv han i «Modernity and the Holocaust» (1989).

Zygmunt Baumann gjorde sitt til at denne tilstanden av tagnad ikkje skulle vare ved.

Bernt Hagtvet er prof. i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid. Han føres også om folkemord på Bjørknes Høyskole.

 

Les mer, og søk deg inn på internasjonale studier her