Den opne frigjeringa

Den opne frigjeringa

Det kunne gått riktig gale i maidagane for 75 år sidan. Rikskommisær Josef Terboven hadde planar om å halda fram med kampane i Festung Norwegen.

Av Bernt Hagtvet, professor II.

 

Våren 1945 gjekk kunstmålaren John Paulsen ofte heim til huset sitt, ei vakker tømmerkoie i Nybuvegen 28, i Lillehammer. I kjellaren hadde Wehrmacht flytta inn i januar 1945 og rigga til ein sambandssentral med Berlin. Eller rettare sagt, i desse siste dagane av krigen gjekk meldingane frå Nybuvegen til Flensburg ved danskegrensa. For det var der storadmiral Karl Dönitz heldt til etter at Føraren hadde utnemnt han til etterfylgjar.

I hagen til familien Paulsen stod ei tre-tårn, i kjellaren eit virvar av telefonar og telexar og tyske telefondamar. Sjølve hovudkvartetet var i Lillehammer Turisthotell, eit par hundre meter lenger ned i bakken. «Det tredje Riket» stod på fallrepet. Det var her lagnaden til landet skulle avgjerast.

General Franz Böhme avventa signal frå Tyskland. Den 29. april hadde Føraren skote seg med kona, Eva Braun, i bunkeren, kjempande til «siste åndedrag mot bolsjevismen», som Knut Hamsun sa det i nekrologen han skreiv i Aftenposten. Han var i alle fall konsistent til det siste, diktaren.

Noreg sist ute
Alt var ope i Noreg desse maidagane. I Festung Norwegen stod 365 000 friske soldatar kampklare. I tillegg hadde NS mellom 10-12 000 mann. Kampane om Berlin frå 16.april til 2. mai hadde kosta meir enn 350 000 sovjetiske soldatar livet i Zjukovs, Konevs og Rokossovskijs armear. Det talet  var ikkje langt frå dei samla tapa kvar til USA og Storbritannia under heile krigen.

I Noreg var det til det siste uklårt når kapitulasjonen ville kome, om i det heile.


Mat til russerfangane

Familien Paulsen var del av dette dramaet. Enda dei ikke budde i Nybuvegen desse vekene (huset vart teke over). John hadde fått tak i ei korg med sild ein dag. Opp langs med Nybuvegen var russiske krigsfangar utkommanderte til å grava ut grøfter til sambandssentralen. John velta ut korga med sild til dei. Det siste han såg var ein russar som såg etter han med ei sild i munnviken. –Det ville gjere deg ofseleg tørst, tenkte han.


Tyskaren såg ein annan veg

Ein annan gong hadde mor, Frida Paulsen, sett ut ei gryte poteter som var meint til fangane. Ein tysk soldat var utplassert ved inngangsporten i nr. 28. Med
geværkolben sin sytte han for at fangane fekk alle sine tilmåla rasjonar, og at ingen tilrana seg for mykje. Ein augneblink av sams humanitet.


Fuglen kom i gåve

Morten, åtte år då, hugsa at han fekk smugla inn ei matpakke til fangane under gjerdet. Som takk og gåve fekk han ein vakker fugl i ståltråd. Russarane var kunstnarar med ståltråd og tre.

Då tyskarane tvang familien ut frå Nybuvegen i januar 45 for å ta over alt, sneik Morten seg til å streka opp eit H7-symbol i støvet på bilane. Då vart mor Frida arg. Det var ikke klokt å demonstrera slik.


Nervespel i Sentral-Europa

Ute på slagmarken skjedde det ting fort no. 4. mai hadde Stalin blitt forarga over at tyske generalar hadde kome til Montgomerys stabshovudkvarter på Lüneburgerheden for å overgje dei tyske styrkane i Holland, Danmark og det nordvestlege Tyskland. Men merk, ikkje Noreg.

Den britiske generalen sendte tyskarane til Reims der hovudkvarteret til general Dwight D. Eisenhower låg. Tyskarane vona at dei skulle kunne framforhandla ein separatfred med vestmaktene.

Sidan korkje UK eller USA ynskte å framandgjere Stalin, tok dei med ein sovjetisk liaison-general i forhandlingsdelegasjonen. 6. mai truga Eisenhowers stabssjef, Bedell Smith, å forsegla fronten om ikkje general Jodl underteikna ein vilkåslaus kapitulasjon innan midnatt. Dette ville innebere at alle tyske styrkar ville bli tekne til fange av Den raude hæren.

Etter noko nøling vart den sokalla Act of Military Surrender underteikna av Jodl natt til 7. mai i Friedeburg; avtalen skulle trå i kraft natt til 9.mai.


Repetisjon i Berlin
Stalin ville ikkje at underteikninga berre skulle skje i vest, så han insisterte på at seremonien skulle gjentakast i Berlin-Karlhorst, i det russiske hovudkvarteret der. Eg har vore der. Utanfor står ein russisk tank T54 kampklar, nyaska og pen. Inni er det ikkje endra på noke; berre blomane er skifta ut. Historia er frosen fast. Dra dit!

Litt før midnatt 8. mai tok seremonien der til. Rundt stod den sovjetiske marsjallen Zjukov, flygeneral Tedder frå RAF og generalene Spaatz og Lattre de Tassigny frå Frankrike. Keitel og ein annan tysk general, H-J Stumpff, vart henta inn. Då dei hadde underteikna, vart dei førte ut att og festen kunne byrje.


Terboven vert sjalta ut

Britane var klare til å senda soldatar til Noreg om det hadde oppstått problem med den tyske kontingenten her. Norske styrkar hadde alt teke Finnmark. Terboven hadde planar om å henta opp nazielitar og halda fram med kampen her, men Dönitz avsette Terboven om kvelden den 7. mai.

I staden sette han inn Wehrmachtgeneral Franz Böhme som sjef for siviladminstrasjonen i Noreg. Han hadde ei mørk fortid som mordar av jødar og andre sivile på Balkan og ville nok ha vorte avretta. Men han tok sitt eige liv ved å kasta seg ut av eit vindu i Nürnberg.

Slik oppstod det ikkje noko maktvakum i Noreg. Böhme fekk kapitulasjonsvilkåra sendt direkte frå sigersmaktenene i Tyskland om kvelden 7. mai. Vi må tru at meldinga han sendte ut om kapitulasjonen kom frå Nybuvegen. Disiplinen frå både hald, Heimestyrkane og Wehrmacht var avgjerande.

Det kunne ha gått riktig ille om Terboven hadde fått vilja si. Samanlikna med resten av Europa hadde krigen knapt råka Noreg. Det bør vi ikkje gløyma.